Vegen vert ikkje opna onsdag – sjå video frå dei store øydeleggingane etter raset

Fv 569 mellom Stamnes og Eidsland er framleis stengd, og det vert han fram til torsdag - i alle fall.

Det stadfester byggjeleiar i Statens Vegvesen, Brynjulv Eide.

Ikkje opning onsdag - i alle fall

– Eit reinskelag frå Mesta er i gang no med å reinska rasløpet, og det meste av dagen vil gå med til det arbeidet, seier Eide.

Men Eide har litt etter kl 12 måndag fått melding frå geolog og enteprenør på staden at det er oppdaga ein del store steinblokker som må «putast» ned, før arbeidet med rydding av vegbana kan starta.

– Me byrjar med ta ned desse steinblokkene med bruk av luftputer i morgon. Det er vanskeleg å seia kor lang tid dette arbeidet tek, men ein kan tidligast starta med rydding av steinmassar i vegbana, onsdag. Dette gjer at vegen vert stengt lenger enn fyrst rekna med, seier Eide.

Nett når det vert opning att er uvisst, det vil det vidare arbeidet avgjera.

Store steinmassar

Fylkesvegen vart sperra fredag ettermiddag av eit stort steinras like før ein kjem til Eikjetotunnelen, på veg frå Eidsland mot Stamnes.

Her kan du sjå video som Ådne Matre Nordheim tok sundag, då ein del folk tok turen til rasstaden for å sjå sjølve.

Les også
Stort steinras stengjer vegen – for andre gong denne veka

Lange omkøyringar

I mellomtida er det lange omkøyringar for dei som brukar vegen. Det eine alternativet er over Nesheimfjellet - ein omveg på rundt 85 km. Mellom rasstaden og Stamnes er det rundt 6 km. Det andre alternativet, via Knarvik og tilbake, er omtrent like langt, men her er det langt betre veg.

– Det er nok ruta om Knarvik eg hadde kome til og køyrt, litt med tanke på vinterføret over Nesheimfjellet, seier Janne Elin Matre Nordheim, som bur på Eidsland. Ho er lærar på Stamnes skule, men måndag i alle fall, har ho altså «fått» fri.

– Ja, det vart slik, etter samtale med rektor i går. Så får me berre håpa at dette ordnar seg fort. Å vera heime når eg skulle ha vore på skulen, kjennest i alle fall heilt feil, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har sjølv vore og sett på rasstaden, og det hadde vore mogleg å koma seg forbi, trur ho. Men det er sjølvsagt langt frå tilrådeleg, slik det ser ut på rasstaden, understrekar ho.

Raset som gjekk fredag er det andre raset i dette området, som sperra vegen på ei veke.

RAS: Slik ser det ut ved rasstaden i Eidsfjorden Foto: Ådne Matre Nordheim