OPPGRADERING: På Fv 569 Frå Dalseid til Stamnes skal det gjerast fleire oppgraderingar dei neste månadane. Foto: Jan-Egil Dyvik

Her vert vegarbeidet utsett

Det planlagde vegarbeidet på Fv 569, som skulle ha starta måndag, er utsett til torsdag denne veka.

Det stadfester byggjeleiar Inge Mandelid på fylkeskommunen.

– Det er ein del mistydingar i det førebuande arbeidet som gjer dette, seier Mandelid.

Vegarbeidet skal føregå i vel to månader framover, til slutten av november. Det er både sikringsarbeid, reinsk av stikkrenner, masseutskifting og asfaltering frå Dalseid og innover mot Stamnes, som skal føregå i vekene framover.

– Det vert no gjort ein del hogst og det vert sett opp skilt om arbeida i dagane fram til torsdag. Men frå torsdag morgon kl. 07 startar arbeidet slik me fyrst hadde planlagt, seier byggjeleiar Mandelid.

Les også
Her vert vegen delvis stengd i rundt to månader