NEDSNØDD: Bilen toler både kulde og snø, men det finst nokre forholdsreglar som er verde å merka seg. FOTO: Bjørn Jørgensen / NN / Samfoto /

Kan bilen frysa sund?

Utan ein temperert garasje må bilen stå ute i kulda og frysa. Kan det øydeleggja bilen? Og kva med elbilen, kan han lada ut i kulda når du ikkje bruker han? Ekspertane har svaret.

Er det ille for bilen å stå åleine ute i kulda? Kva kan skapa trøbbel, kva kan bli medtatt, og kva kan eventuelt bli heilt øydelagt?

Teknisk konsulent Audun Bergerud i NAF seier at motoren skal tola utelivet vinterstid, men ein må passe på éin ting: frostvæske.

– Så lenge du har tilstrekkeleg med frostvæske, klarer motoren vinterkulda.

Samtidig skal ein vera merksam om det har komme mykje snø.

– Bremsane toler òg fint kulde, men er det mykje snø som pakkar seg bak hjula, vil det kunne hindra rørsla til bremsane.

Snø som pakkar seg rundt hjula, bør derfor hakkast laus før ein byrjar å køyra. Det same gjeld snø og is som har lagt seg på felgen, det vil skapa ubalanse når ein køyrer.

SKRAPE: Ei skikkeleg isskrape er obligatorisk. FOTO: Palm, Ulf / SCANPIX SVERIGE

Kaldstart

At motoren er iskald når ein startar han opp, er i utgangspunktet er ikkje så farleg.

– Du kan køyra normalt, men stor belastning blir ikkje tilrådd før motoren er varm. Bruk av motorvarmar er ein fordel, det gjev mindre slitasje på motoren, lettare start, mindre utslepp og raskare varme innvendig i bilen.

Eit problem som kan oppstå viss bilen ikkje blir brukt på ei stund, er at batteriet blir flatt. Med flatt batteri vil ikkje bilen starta. Men Bergerud seier at batteriet i dei aller fleste tilfella vil behalda nok kapasitet.

– Eit fullada batteri kan stå i kulde lenge utan å ta skade, men kapasiteten går ned med kuldegradene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulle batteriet ha vorte lada ut, vil problemet normalt vera løyst viss ein får starthjelp.

Har ein fått start på bilen igjen, anten ved hjelp av ein kompis med startkablar eller ein batteridriven starthjelpar, må ein ta seg ein lang køyretur. Viss batteriet ikkje blir lada skikkeleg opp, vil det bli startproblem igjen neste gong.

Bergerud tar med ei lita åtvaring her:

– Eit batteri som har stått lenge i kulda med lite straum, kan frysa sund.

UTANDØRS: Utan garasjeplass må ein frå tid til anna rekna med noko forarbeid før ein kan køyra av garde. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Fastfrysing

Det er ikkje berre motor og drivline som blir utsett for kuldegrader. Er du uheldig, kjem du deg rett og slett ikkje inn i bilen.

– Dørene kan frysa fast, spesielt om det har vore mildt eller du har vaska bilen. Etter vask er det viktig å turka dørpakningane og leggja silikon på dei.

Vel inne i bilen kan ein oppdaga at vindaugsviskarane sit fast. Her finst det heldigvis eit logisk og enkelt triks.

– Sett all varme på ruta, pluss eventuelle varmetrådar, og løys vindaugsviskarane forsiktig frå ruta etter kvart.

Røskar ein dei laus før isen har tint, er det fort gjort å øydeleggja gummien. Dårlege viskarar er både farleg og irriterande. Heile problemstillinga kan unngåast viss ein tar seg bryet med å leggja ei matte eller eit teppe over frontruta når ein parkerer.

Måking

Eit anna velkjent problem er at det har snødd tett og bilen er under det kvite teppet. Då er det freistande å ta fram kosten ein vanlegvis feiar trappa med. Det er ikkje så lurt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det vil medføra riper i lakken. Det er viktig å bruka ein mjukare kost.

Elles er ikkje is og snø skadeleg for lakken, opplyser Bergerud.

FROSE: Det er ikkje lurt å røska laus vindusviskarane viss dei har frose fast. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB

Elbilar

Med ein stadig aukande elbilbestand veks det òg fram ein del nye problemstillingar. Batteripakken, som er ein rimeleg viktig enkeltdel i ein elbil, blir påverka av kulda.

– Tommelfingerregelen er at kapasiteten kan bli halvert over natta i 20 minusgrader dersom bilen har stått fråkopla, men det er eit worst case-scenario, seier Ståle Frydenlund, seniorrådgjevar og testansvarleg i Elbilforeningen.

Han seier at energien ikkje blir borte, men at den interne motstanden i batteriet aukar ved fallande temperatur. Energien kjem tilbake når temperaturen i batteriet stig.

La bilen sova

Med andre ord kan det vera vel dristig å setja frå seg ein elbil med lite kapasitet på batteriet.

– Risikoen kjem an på kva slags elbilmodell ein har, og kor kopla til han er. Hovudpoenget er om bilen er «vaken» eller «sovande». Når han er «vaken» og tilgjengeleg for elektronisk kommunikasjon, vil han bli tappa mykje meir, gjerne fire til fem gonger så mykje.

Frydenlund seier det i verste fall kan forsvinna 5 til 6 kWh på eit døgn. Derfor gjeld det å avgrensa tida bilen er «vaken» viss tilnærma maksimal rekkjevidd skal behaldast.

Frydenlund tilrår å ha minst 80 prosent batterikapasitet ved parkering når det er kuldegrader. Dette harmonerer òg med eit anna tips: Å lada bilen medan han er varm. Med varm bil får ein best ladefart, medan eit kaldt batteri kan krevja ein heil times lading før ladefarten er på topp.

– Ved svært kaldt vêr ligg det vesentlege meirforbruket i at batteriet brukar energi på å «varma opp seg sjølv», og dessutan kupeen.

Artikkelen held fram under annonsen.

OPEN PORT: Fleire elbilmodellar har ein ladeport som kan bli fylt med snø. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB

Ei ladeluke med snø

Men meirforbruk i kaldt vêr handlar slett ikkje berre om batteri. Ein bil vil få høgare motstand frå alt frå vêr og føreforhold til kalde hjullager. Det gjeld uansett kva slags drivstoff bilen brukar.

Og så eit problem med enkelte elbilar: Ei ladeluke som kan fyllast med snø viss ein ladar over natta.

– Dette gjeld særleg bilane som har ladeluke i fronten, utan at eg vil plassera bjølla direkte på ein bestemt sau. Enkelte av ladeportane blir ståande i overkant eksponerte når dei er opne, og dei kan òg frysa igjen. Bruk gjerne ein silikonstift på listene for å hindra sistnemnde. Og legg gjerne noko vernande over som kan halda snø og vêr unna medan lading går føre seg.