SHELL VOSS: Ronny Hjelmeland Stavenes har halde bensinstasjonen stengd eit par dagar, men håpar å vera i gang att tysdag. Arkivfoto: Geir Geitle

Stengde på grunn av forkjøling

Shell Voss i Strandavegen var stengd laurdag og måndag på grunn av forkjøling. – For å vera på den sikre sida, seier dagleg leiar Ronny Hjelmeland Stavenes.

– Folk lurar nok, om det er på grunn av korona. Me har ingen bekrefta tilfelle, men eit par av dei tilsette har vorte forkjølte. Difor har me teke eit par dagar stengt, for å sjekka ut korleis det utviklar seg.

Stavenes reknar med at dei kan opna att tysdag, eller så fort dei meiner det er trygt.

– Me tek alle forholdsreglar og grep for å hindra smitte. Samtidig er det mykje mindre trafikk og folk ute, så omsetninga har gått kraftig ned.

Ingen av dei tilsette er i risikogruppa, dermed trur han ikkje dei vil verta prioriterte for testing for korona, opplyser han.

– Det er tøffe tider, dette, synest han.