I Voss brannvern sitt nedslagsfelt er det 3700 fritidsbustader.

I takt med velstandsaukinga har også hytter vorte større og meir påkosta. Men sjølv om mange brukar hytta mykje, står dei fleste hytter ubrukt i fleire veker i strekk i løpet av året.

Difor kan ikkje dette viktige bodskapet seiast for ofte; Kvar gong hytta vert teke i bruk må ein sjekka at røykvarslaren fungerer. Batteriet kan ha gått tomt sidan førre gong ein sjekka og då fungerer ikkje røykvarslaren. Pass difor også på at ein alltid har ekstra røykvarslarbatteri på hytta. Og er du i tvil om batteria er ok, set det på handlelista for påsken.

Mange hytter ligg utanfor allfarveg, og utrykkingstida er ofte lenger enn den vil vera i meir sentrale strøk. Difor er det utruleg viktig at ein ikkje tek ferie frå branntryggleik når ein dreg på hytta, me har ingen liv å mista i brann.

Brannvernforeningas sjekkliste for brannsikker hytte:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta vert teke i bruk.
  • Ha alltid ekstra batteri i reserve.
  • Sørg for rikeleg tilgang til sløkkjeutstyr
  • Gå aldri frå levande ljos.
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ.
  • Deponer og kast oskeavfall på ein forsvarleg måte.
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk (vifteomnar, lading av mobilar og så vidare).
  • Vær ekstra merksam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg.
  • Bruk godkjente fagfolk til utbetringar som krev dette.
  • Monter gassalarm og sjekk at denne fungerer.
  • Hald alltid rømmingsvegar fri for snø/hindringar.