Alt starta då nokre av medlemmane i Midtfjords-gjengen møtte kvarandre på Voss folkehøgskule i «det førre århundre», som dei sjølve seier.

Dei hadde alle ei felles interesse for musikk og skodespel, og haldt derfor kontakten.

Etter kvart bestemte dei seg for å gå saman for å laga ein kabaret, og har etter det fått med seg fleire i gjengen. Steinar Røthe, Finn (Ure) Daynes og Kjell Fester spelte i band før den tida, og har sidan halde kontakten.

Om teaterframsyninga

Med eit firemannsorkester, leia av Einar Hauge, syng og gjøglar dei seg gjennom ei forteljing som er dei gamle sitt skråblikk på samfunnet i dag, og kva livet vart for to eldre karar; litt syt og sakn, men også eit uttrykk for ei stor takksemd over alt dei fekk med seg i livet. Dei hugsar og sin eigen barndom med fantasi og leik.

Medverkande i teaterframsyninga: Sigurd Fretheim, Einar Hauge, Bjørn Sandnes, Steinar Røthe, Finn (Ure) Daynes, Trond Matre, Morten Lorentzen, Marie Ullestad Een, Kjell Fester og Per Kristian Ødegård.

Halde på heile livet

Dei har halde på med musikk og skodespel heile livet.

– Musikk og skodespel er noko ein har med seg gjennom heile livet utan å gå lei, fortel Fretheim, som opptrer som skodespelar og musikar på scenen.

No er dei klare for si (kanskje) siste framsyning, som dei har kalla «Tida og vegen», og som handlar om to gamle gubbar og livet deira.

– Den handlar om to levde liv, om korleis to eldre menneske opplever sitt eige tilvære i ulike situasjonar, og om korleis dei eldre ofte opplever at dei blir litt tilbakesett i tilværet, seier Morten Lorentzen, manusforfattar av stykket.

I stykket tek dei mellom anna opp korleis ein skal forstå seg på data, og ser det positive i å ikkje alltid skjøna seg på alt.

– Det er jo den beste grunnen til å få besøk av eit barnebarn, seier Fretheim med eit smil.

Førestillinga er både musikalsk, humoristisk og vemodig.

– Eg håpar at publikum kan kjenna seg att i fleire av situasjonane, og at det får fram både smil, latter og glede. Så håpar eg på at dei ser at det ikkje må vera så tungt og kjedeleg som det kan oppfattast å vera gammal, seier manusforfattar Lorentzen.

Framsyninga blir vist 7. og 8. oktober i gamlekinoen.

Les også

Merete Bø smakar på opptil 12.000 vinar i året, men ho festar lite