Voss Cup er godt i gang, og med eit dobla folketal på Vangen denne helga har sekretariatet til Fbk Voss nok å hengja fingrane i. Sanna Skulstad Dregelid i Fbk Voss seier at folk må ha låg terskel for å koma innom.

– Det er her du kan få svar på det meste du lurar på, og du finn oss i kjellaren i Idrettshallen, seier ho.

Her deler Sanna dei ti vanlegaste spørsmåla som kjem frå foreldre og deltakarar i løpet av helga:

1. Kvar kan eg dusja?

– Me har dusjar i Idrettshallen som er opne til bruk. Her må ein henvenda seg til sekretariatet for å få tilgang.

2. Kvar er toaletta?

– På Prestegardslandet, ved «Gras 2»-banen og i Idrettshallen.

3. Kvar kan eg fylla på vatn?

– Ved kiosken attmed Kiwibanen. Her må ein trykka på ein ljosbrytar for at vatnet skal koma ut. Voss herad har også ein vatn-stasjon som står like ved Skandinavisk Høyfjellsutstyr.

4. Må eg bestilla plass for å gå på kino?

– Nei, her er det berre å gå bort, det er mange visningar i løpet av helga.

5. Kvar finn eg fotografen, og er det mogleg å bytta fototid?

– Fotografen står på Prestegardslandet, like ved den nye skateparken ved Voss aktivitetspark. For å bytta fototid må ein snakka direkte med han.

6. Når opnar Peppes-boden på Prestegardslandet?

– Klokka 11 på føremiddagen, laurdag og sundag.

7. Kor ofte går shuttlebussen?

– Me har to shuttlebussar som går mellom Tinghuset og Skulestadmo, og Tinghuset og Palmafossen. Dei går kontinuerleg mellom klokka 7-22 på laurdag og klokka 7-16 på sundag.

8. Kor lenge er kioskane opne?

– Du finn seks kioskar på området, i tillegg til ein grill og Peppes-boden. Kioskane opnar klokka 7.30 laurdag og har ope fram til klokka 20.30. På sundag har dei ope frå 7.30 og fram til kampane er ferdige.

9. Kvar finn eg hittegodset?

– Hjå oss i sekretariatet.

10. Når kan eg henta ut diplomet mitt?

– Dei som tok bilete på fredag kan henta ut diplom her etter klokka 15 på laurdag. Dei som tok bilete laurdag kan henta etter klokka 10 sundag.

Småskadar og forsvunnen gut

Turneringsleiar Hallgeir Finbråten i Fbk Voss seier at han er svært nøgd med cupen så langt.

– Det har sjølvsagt vore litt hendingar, som nokre småskadar og ein gut som vart vekke fredagen. Han vart heldigvis funnen att etter ti minutt, seier Finbråten, og legg til:

– Så me har full kontroll. Eller, full kontroll har me vel aldri heilt. Men eg tykkjer alt har gått veldig bra, ler han.

Han er også nøgd med at vêrmeldinga så langt ikkje har slått til med så mykje regn som var venta.

– Så langt i dag (laurdag) har me fått opphaldsvêr, og det er jo fantastisk! Elles må eg berre seia at eg vert rørt av å sjå kor stor begeistring det er hjå deltakarane på cupen, både store og små. Det er også veldig herleg å sjå borna som spring rundt med litt for store shortsar og sokkane langt opp på leggen, ler han.

Bildeserie

Sjå lesarane sine Voss Cup-bilete!