Gary Brooker, leiaren i rockegruppa Procol Harum og «far» til megahiten «A Whiter Shade of Pale» (1967), døydde 2. februar i år, 2022, 76 år gamal. Den suggererande orgellyden i låten «The Wither Shade of Pale» gjekk rett i magen, hjartet og hjernen. «The haunting organ» kalla eit musikkleksikon orgelet. Sjeldan har ein melodi slått lyttaren slik i bakken. Beatles, Rolling Stones og andre dominerande rockeband på 1960-talet gjorde banebrytande, varige og uslettelege inntrykk. «A Whiter Shade of Pale» representerte også noko nytt og annleis. Og samstundes noko kjent, men på ein uventa og genial måte.

Det «lukta» Johann Sebastian Bach lang veg, men like fullt var det ikkje Bach. Jau, visst var det orgel og barokkfraseringar, men det var verken barokkmusikk eller kyrkjeorgel. Det var «hylande» Hammond-lyd formidla gjennom ein Leslie-boks som kasta orgellydane ut i rommet. Hammond-organisten heitte Matthew Fisher. Han var arkitekten bak den uforgløymeleg orgelsounden – som særleg kjem til uttrykk i introen og orgelpassasjane i «A Whiter Shade of Pale».«»

Vokalisten og sjefen sjølv i Procol Harum, Gary Brooker, sat bak pianoet. Ofte eit grand piano, konsertflygel. Kombinasjonen av dominerande orgel og piano i ei rockegruppe vart skilsetjande. Fleire progressive band kopierte instrumenteringa.

Dessutan var det stemma til Gary Brooker. Ikkje nokon fleirstemmig Beatles-sound eller Mick Jaggers rythm-and-blues-sound der i garden, nei, men den «kvite» soulstemma til Gary Brooker. Stemma vart samanlikna med stemma til Percy Sledge, og Brooker har fortalt at han lytta mykje til soulmusikaren Ray Charles. Slikt måtte gje sug i magen: Ray Charles på toppen av Bach, orgel, rock og barokk.

I tillegg kom den kreative og crazy teksten. I «The Whiter Shade of Pale», som i mange av dei andre tekstane til Procol Harum, var teksten lite gjennomskodeleg, mystisk og surrealistisk. Teksten var ein kreativ leik med ord, slikt som også John Lennon elska, i tradisjonen frå den irske forfattaren James Joyce. Rocke-tekstar som dette vart kjelde til eit utal tolkingar. No var det ikkje lenger rett fram «She loves you». Teksten opnar med:

We skipped the light fandango

Turned cartwheels 'cross the floor

Låtskrivaren Keith Reid, som ikkje var medlem av bandet, stod for dei fleste av tekstane.

Procol Harum slo gjennom med eit brak med denne fyrste singelen. Noko få andre grupper opplever. Etter kvart skulle det koma mange klassikarar frå Gary Brooker og Procol Harum: «Homburg», «Conquistador», «A Salty Dog», «Grand Hotel», «The Devil came from Kansas», «Nothing but the Thruth» og «Repent Walpurgis».

Utskiftingane i Procol Harum har vore mange og store. Matthew Fisher forsvann fort, men kom innom att av og til. Også dei fleste andre musikarane har vore lite stabile, men Gary Brooker har stått «som ein påle» heile tida. På sett og vis var Gary Brooker Procol Harum. Sjølv soloplatene hans hadde umiskjenneleg Procol-sound.

Eg var så heldig å få oppleva fleire av konsertane til Procol Harum. Siste gongen var i Royal Festival Hall, London, fredag 3. mars 2017. Konserten var ein lekk i 50-årsfeiringa av låten «A Wither Shade of Pale», som vart gjeven ut 12. mai 1967. I 2017 hadde dei seks bandmedlemene med seg symfoniorkester og stort kor. Pianisten Gary Brooker, som òg var vokalisten, hadde heilt til det siste, 76 år gamal, ei praktfull soul-stemme. Brooker var ikkje berre leiaren i gruppa. Han var lokomotivet.

Procol Harum var ingen sundagsskule. Ei opprivande rettsak mellom Gary Brooker og Matthew Fisher, der Fisher forlangte å bli kredittert som medkomponist til «A Whiter Shade of Pale», vart etter omfattande rettsforhandlingar lagd død.

No har soulstemma stilna og Gary Brooker slår ikkje lenger musikalske hjul, men han har sett varige musikalske fotavtrykk. Gary Brooker var ein kreativ musikalsk stilskapar som skilde seg mykje frå – og samstundes hadde sterk påverknad på – rockemusikken. For mange er både Gary Brooker og Procol Harum etter kvart gløymde, men melodien «A Wither Shade of Pale» vert ståande. Mange nikkar nok attkjennande når orgelsounden fyller rommet. Gary Brooker skipa ei banebrytande rockegruppe som etter kvart forsvann for det store publikumet, men som med melodien «A Wither Shade of Pale» snikra ein «signallåt» som har lagra seg i det mentale musikkbiblioteket til mange. Gary Brooker bør minnast.