Prestegardslandet/Grandane, Vangsvatnet

Midt på Voss. Omkrets på 19,57 km. Mange ulike badeplassar kring vatnet.

Temperatur: Vert ikkje så verst når vasstanden har gått ned.

Ny murbryggje, dels sandstrand på Prestagardslandet, dels naturstrand, moldgrunn og steinete vasskant.

Ekstra: Sentralt. Lett å koma til, og lett og koma seg til næraste kiosk når du vert lei strandlivet.

Smilekulpen på Mjølfjell

37 km oppover Raundalen, rett før ungdomsherberget.

Temperatur: Friskt fjellvatn.

Kulp med klokkereint vatn. Hoppemoglegheiter for den vågale frå brua.

Bordalsgjelet

2 km frå Voss sentrum på sørsida av Vangsvatnet.

Temperatur: Bikkjekaldt.

Badeplassen er naturen sin eigen jacuzzi. Definitivt ikkje barnevenleg. Fantastiske omgjevnader med natursti innover i gjelet.

Modalen

Badestrand ved kaien på Mo. Avkøyrsle ved Dalseid, 1 time og 15 minutt frå Voss.

Temperatur: Kaldt.

Skjelsand på badestranda. Idylliske omgjevnader med kort veg til butikk, restaurant og pub.

Bjørke, Raundalselva

Temperatur: Ein stad for friskusar.

Svaberg og store steinar. Ville stryk, men også kulpar med rolegare vatn. Forfriskande bad. Omtala som ei perle av dei sjeldne, ikkje minst av elvepadlarar.

Les også: Mariusz (33) og Krystian (38) reiste frå Lørenskog for å isbada i Raundalselva: – Var på veg til å trekkja meg

Lundarvatnet

Rett utanfor Voss sentrum, Skulestadmo, nedanfor Voss VGS.

Temperatur: Fin temperatur på gode dagar.

Fint for små og store.

Demmo

Ligg ved Flatlandsmo camping, 12 km frå Voss sentrum ved riksveg 13 mot Hardanger.

Temperatur: Mellom dei beste, nest etter Vetlavatnet.

Sandstrand og svaberg, badebryggje og sklie. Utlån av robåtar. Mogleg å fiska. Tilrettelagt for born og vaksne. Opparbeida sti ned til enkel badeplass. Kiosk i sommarsesongen. Toalett, sanitærom tilrettelagt for funksjonshemma og stell av born.

Valbergstjørni, Hangur

Ved Røde Kors-hytta.

Temperatur: Meir enn god nok etter ein fjelltur.

Badeplass i fjellvatn. Du kan ta gondolbanen opp og gå inn til vatnet. Fin plass å stupa rett uti. 750 meter over havet.

Eksingedalselva

Ein god time med bil frå Voss ved tunellmunninga mot Modalen.

Temperatur: Sjølv med regulert elv vert her godt og varmt utover sommaren.

Naturen sitt eige badeland, med utfordringar både for store og små. Store svaberg som du gjerne får heilt for deg sjølv.

Vetlavatnet

Mot Vossestrand, ta til høgre ved Tvindefossen, vel 1 km mot Norheim.

Temperatur: Varmaste badestranda på Voss.

Barnevenleg med sandstrand og stein som fungerer godt som stupetårn for nybyrjarar. Lett tilgjengeleg og som regel godt med parkeringsplassar.

Oppheimsvatnet

Badestranda i Haugsvik ligg ein halv times køyring frå Vossavangen mot Stalheim.

Temperatur: 22 grader før regnet kom, og 21 målt i går, skreiv Alvhild Bidne til onsdag 7. juli.

Fin badestrand i Haugsvik i enden av Oppheimsvatnet.

Strandaelva ved raftingsenteret

Temperatur: Friskt

Elv, rennande vatn med enkelte rolegare område. Kort veg til Voss Raftingsenter med tilbod om rapellering, rafting og fisking.

Hamlagrøvatnet

Temperatur: Ei varm (Bjørndalen) og ei kald side (Sveindalen).

Fjellvatn, med bra temperatur på ein god sommardag. Perfekt etter ein fjelltur. Fredeleg

Hardangerfjorden, Granvin

– Granvin er min favorittbadeplass. Lang-grunn sandstrand for dei minste. Plen, bord og benker på land. Grindbygg med langbord og stikkontakt. Sand-volleyball-bane. Toalett-anlegg. Aktivitetspark/leikeplass for dei små. Stupebrett for dei som ynskjer det. Grill og flotte turstiar oppover langs elva. Her kan du dra med heile storfamilien, og ALLE finn noko som «høver for dei». Velkomne til stranda i Granvin. Ei ukjend perle! skriv Gunn Kristin D. Thingnes.

Temperatur: Heller kjøleg, men vert varmare på gode varme dagar.

Langgrunn strand, og elles fint å hoppa frå kaien. Badeplass sentralt i bygda.

Holmen, Ulvik

Temperatur: Passerer 20 grader og vel så det om sommaren er varm.

Badeplass: Badestrand.

Ekstra: Stupeflåte, nytt toalettanlegg, Holmen idretts- og fritidsanlegg har fotballbane med gras, friidrettsbane med fast dekke, utandørs volleyballbane, tennisbane og sandvolleyballbane. Flott og familievenleg.

Kattahølen, Øyane

Tre kvarters køyretur frå Voss. Ta av på Dalseid mot Mo. Mellom Straume og Stamnes tek du av opp mot Øyane. Spør etter vegen!

Temperatur: Pisselunka.

Liten badekulp med liten foss å sitja i som vert god og varm når sola steikjer på steinhellene i elva ovanfor. Perfekt for barnefamiliar.

Gudvangen, Nærøyfjorden

40 minutters køyring nordover langs E16. Køyrer du nokre minutt vidare langs vestsida av fjorden, kjem du til Bakka, visstnok den flottaste staden i heile fjorden.

Temperatur: Om lag 14 grader inst i fjorden. Gjerne 4-5 grader meir ute ved Bakka.

Friskt fjordbad. Sjå opp for vikingar!

Agnavika, Stanghelle

40 minuttar køyring frå Voss vestover langs E16 til til Stanghelle. Køyr over brua til Stanghelle vest.

Temperatur: Fjellvatn møter fjorden, men på ein bra sommardag blir temperaturen over 20.

Sandstrand med rutsjebane. Nye toalettfasilitetar.

Bolstadfjorden

25 minutt køyring vestover langs E16 til Bolstadøyri. Køyr forbi stasjonen og ut på friluftsområdet Tangen.

Temperatur: Kjølig, 14-15 grader

Strandline ved fjorden. Sandvolleyballbane.

Øvstedalen

Køyr E16 til Bolstadøyri. Kryss elva og køyr Øvstedalsvegen over fjellet til Øvstedalen. Turen tek om lag 45 minutter.

Temperatur: Godt og varmt ut over sommaren

Badeplass i elv. Mykje vatn, lite folk.

Kråkeskarvet, Eidfjord

Temperatur: Mykje smeltevatn tidleg i sesongen. Kan koma opp i 20 grader etter varmt langvarig varmt vêr.

Svaberg, pluss litt strand. Kommunalt tilrettelagt anlegg med utegrill og bålplass, garderobe, dusj og toalett.