I kjølvatnet av Oslo-skytinga der to vart drepne og fleire skadde, kom Vest politidistrikt ut tysdag ettermiddag med ei oppmoding om å utsetja alle Pride-arrangement, og det vart då bestemt at Pride-paraden på Voss skulle verta avlyst.

Onsdag vart trusselnivået senka til nest øvste nivå, slik at politidistrikta sjølv kunne vurdera om ein vil arrangera Pride-arrangement.

Pride-markering i staden for parade

Veko-sjef, Kjetil Kriken, seier at det vert stelt i stand eit Pride-arrangement på Voss, men ikkje heilt etter den opprinnelege planen.

– Ekstremsportveko skal arrangera Pride. Me har bestemt at me skal laga til ein stor fest og markering på festivalarenaen, seier han.

Det vert ikkje parade, for å gjera arrangementet så sikkert som mogleg.

– Det er framleis ein trussel på nasjonalt nivå, så me prøver å gjera markeringa så trygg me kan. På festivalarenaen er det enklare å håndtera. Arenaen er terrorsikra kvart år med barriere, og me har vakthald. I tillegg vil me ha innleigd politi delar av dagen. Slik har me det uansett, og difor vel me å arrangera Pride-markering i staden for parade.

Sjå bilete frå Veko:

Bildeserie

Bykste lokst utøve folkehavet i Demmo

Veko kjem til å markera Pride heile dagen, med fargar over alt der Veko er til stades, samt luftsport-show og appellar på arenaen.

Han synest det er synd at ytringsfridomen og demokratiet vert trua, og at det gjer at ein ikkje kan markera seg slik ein vil.

– Men me har stor forståing for politiet sine trusselvurderingar. No skal me uansett ordna til fest, og vaia Pride-flagget.

Politiet ikkje involverte, men mogleg til stades

Politistasjonsjef Ivar Hellene stadfestar at det vert laga ei Pride-markering.

– Det vert ikkje parade, og me blir ikkje involverte, seier han.

Men, ein skal ikkje sjå vekk frå at det vil vera politi til stades.

– Gjennom heile Veko har me hatt politi ved festivalarenaen, og fleire på kveldstid. Det har ingenting med Pride å gjera, så dette er udramatisk. Mange folk kjem til Voss og er samla, så då har me alltid nokon der.

Han vil ikkje gå inn på kor mange betjentar som kan møta opp. Politiet vil gå væpna, som dei gjer til vanleg sidan politiet nasjonalt er generelt væpna.

Les også

Hege (44) har 500 basehopp. – Eg var redd i ti år