Det er tre dagar til jolaftan, og heile landet er råka av strenge koronatiltak.

Korleis skal ein gjennomføra jolefeiringa på ein trygg måte?

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ei liste med smittevernråd for jolefeiringa:

  • Symptom og sjukdom: Bli heime eller avlys besøket dersom du eller nokon av dei du bur med har symptom på nyoppstått luftvegsinfeksjon. Dette er eitt av de viktigaste tiltaka for å avgrensa smittespreiinga.
  • Hald avstand: Hugs minst ein meter avstand mellom personar som ikkje bur saman eller er tilsvarande nære. Sjølv om du kan ha inntil 20 gjester ein av dagane, kan du ikkje ha fleire enn du har plass til. Dei som ikkje bor saman, må kunne halde ein meter avstand.
  • Same gruppe: Ein måte å avgrensa tal på kontakt på er å halda seg til same gruppe, der dei same personane møtest over tid. Råda om avstand gjeld likevel framleis innanfor gruppa.
  • Overnattingsbesøk: Den nasjonale oppmodinga om maksimalt ti gjester på besøk, i tillegg til dei som bor i husstanden, gjeld for overnatting også.
  • Alkohol: Hugs at alkohol og festleg lag kan gjera det vanskelegare å fylgja smittevernråda.
  • Utandørs: Me oppmodar flest mogleg å møtast utandørs. Da kan de vera fleire saman utan at det inneber høg smitterisiko, så lenge de held god avstand.
  • Delt omsorg: Born og unge som har skilte foreldre med delt omsorg kan ha normalt samvær med sine føresette. Ved smitte i eitt eller begge heim, må fylgja smittevern- og karanteneråd.
  • Risikogrupper: Det er viktig å ha sosial kontakt og ikkje isolera seg, spesielt i jola og andre høgtider. Når eldre og andre personar i risikogrupper har tatt anbefalte vaksinedosar (inkludert oppfriskingsdose), og de besøkjande er fullvaksinerte, så er det stort sett tilstrekkeleg å fylgja dei same smittevernråda som andre.
  • Uvaksinerte vaksne: Uvaksinerte vaksne blir oppmoda å redusera sosial kontakt og beskytta seg sjølv og andre med fleire andre smitteverntiltak.
  • Hytteopphald: Ved reiser til hytte/fritidsbustad gjeld dei same råda som for gjester og overnattingsbesøk i eigen heim.
  • Reiser: For mange kan det vera viktig å reisa for å besøkja familie eller venner i jola. Det er like strenge tiltak dei fleste stader i landet, men ver merksam på at enkelte kommunar kan ha endå strengare tiltak enn dei som gjeld nasjonalt. Dersom du reiser frå et område med mykje smitte, bør du vera ekstra forsiktig. Den kan vera lurt å avgrensa kontakt med andre i dagane før reisa, og eventuelt dei fyrste dagane etter framkomst.
  • Sjukdom på reise: Blir du sjuk før reisa bør du halde deg heime. Blir du sjuk mens du er på reise, bør du returnera til kommunen ein har bustad i, dersom du er frisk nok og kan reise på ein måte som ikkje fører til at du smittar andre (til dømes ved å unngå å bruka offentleg transport).