Like etter klokka 11 måndag gjekk det eit stein- og jordras på E16 ved Stavenes- og Langhelletunnelen i Vaksdal kommune.
Vegen vart stengd og politi og entreprenør rykte ut til staden. Klokka 12:06 vart vegen opna att, og politiet dirigerte trafikken på staden.
Ein bil vart treft av nedfallet, men føraren skal ikkje ha blitt skadd.
– Politiet har vore i kontakt med føraren. Det er ikkje meldt om personskade, men materielle skadar på frontruta og taket, opplyser politiet.
Årsaka til raset kan ha vore rotvelte, som drog med seg stein og jord i det eine køyrefeltet.
Les også: Bilen til Ove Samnøen vart treft av eit tre på E16: – Kvakk skikkeleg
Rykte ut til staden
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eirik Loftesnes, opplyste til Hordaland at det var eit mindre ras.
– Det er jord og litt stein som har kome ned, seier Loftesnes til Hordaland 11.45.
Jenny Nilsson, trafikkoperatør i Statens vegvesen, opplyste at dei fekk melding om raset like etter klokka 11 måndag og at dei også fekk melding om at ein bil vart treft.