Klokka 11.30 melder Vegtrafikksentralen at E16 er open att for trafikk, etter kring 16 timar med stengd veg på rasstaden.
Det var like før klokka 20 tysdag kveld at naudetatane melde om eit steinsprang vest for Vassendatunnelen, aust for Bolstadøyri.
Ein lastebil skal ha køyrd på ein større stein, og så skal steinen ha hengt seg fast under køyretøyet.
– Det skal ha falle ned ein del småstein, og denne litt større steinen, skreiv 110 Hordaland på Twitter.

Yrkessjåfør Vegard måtte venta i nesten 16 timar: – Må gjera noko med denne vegen snart
Geologar har undersøkt staden
Geologar var på plass på rasstaden klokka 8 onsdag morgon. Dei har undersøkt området med drone, og fjerna is frå fjellsida.
Alle bilistar vart anbefalt omkøyring via riksveg 13, fylkesveg 79 eller fylkesveg 49. På omkøyringsvegen om Hardanger vart det meldt om køar ved Granvin.

Maybritt må avspasera frå jobb på grunn av nye togtider
