Store vassmengder går over E16 ved Saue, og vegen er stengd, opplyser Vegtrafikksentralen til Hordaland i 16-tida fredag.
– Det går ei lita elv over vegen der, og vegen er stengd inntil vidare, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen.
Jord i vegen ved Tvinno
Det skal også ha glidd jordmassar ut i vegbanen like vest for Tvinne.
– Her har det kome utgliding av massar i eitt køyrefelt, og entreprenør er på staden. Det er mykje som skjer på strekkinga mellom Skulestad og Vinje no, og vegen er stengd i begge retningar, seier Larsen.
Anbefalt omkøyring er via Hardangervidda.
Skjerpa beredskap i fylkeskommunen
Det er også skjerpa beredskap på fylkesvegane, og fleire vegar kan bli stengde på kort varsel
– Me fylgjer situasjonen tett, entreprenørane er i beredskap, og me vurderer fortløpande om det er behov for å stenga vegar eller setja inn andre tiltak, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Stengd bru på Evanger
Fredag kveld melder også politiet at dei har stengd brua frå E16 og over til Evanger.
Elva går nær bærebjelkane på brua, melder politiet.