Vegtrafikksentralen vest opplyser at E16 Dalseidtunnelen vert stengd i fleire timar måndag 29. august.
– Dette er på grunn av nødvendig fjellreinsking på vestsida, står det i trafikkmeldinga.
Det vert stengd frå klokka 11:00 til 14:00 og frå 15:00 til 18:30.
Førre veke vart E16 stengd to gonger på grunn av ras, knytt til arbeidet med sikring i området.
Vegtrafikksentralen anbefaler omkøyring via fylkesveg 5400 Hamlagrø for personbilar, og for store køyretøy via fylkesveg 49/79 Norheimsund og Granvin.

Les også
Ein person arrestert etter trafikkulukke på riksveg 13

Les også