Laurdag klokka 18:30 kalla politiet inn til pressebrief i Kvam i forbindelse med leitinga etter dei tre sakna etter ulukka i Tokagjelet.

På pressebriefen sa politiet at dei hadde funne ein person i øvste delen av Tokagjelet i elva.

– Det er all grunn til å tru at den personen er ein av dei tre som er sakna, opplyste politiet sin innsatsleiar Svein Valland Laupsa.

Henta opp frå elva

Avdøde er henta opp av elva, og vil bli frakta til Bergen for sikker identifisering og obduksjon.

Politiet kjem til å halda fram søket etter dei andre sakna.

– Hovudteorien er at dei andre ligg i øvste delen av Tokagjelet, men søk nedover elva og i Hardangerfjorden kan også skje, sa Laupsa.

Leitinga etter dei sakna vil halde fram i helga. Laurdag har Norheimsund båtlag og Røde Kors søkt etter dei sakna, skriv Hordaland Folkeblad.

Sakna i snart ei veke

Dei fyrste meldingane om dei sakna kom inn til naudetatane seint sundag kveld.

Nokre dagar etter ulukka frigav politiet, i samråd med pårørande, at det er Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64) og hunden Leo som er sakna.

Les også:

Politiet frigjev bilete av dei sakna i Kvam

Rykte ut få timar etter at dei sakna forsvann: – Leitte i ni timar i ein stor aksjon