Nordhordland: – Mykje pengar, ingen tvil om det, seier rådmann Jo Tømmerbakke.

– Men det var ein stor jobb som måtte gjerast etter raset, og det er Modalen kommune som må betala.

Det store raset losna i den stupbratte fjellsida på austsida av Mo den siste fredagen i mai for eit år sidan. Ingen menneske vart skadd, men det hagla stein over det kommunale aktivitetshuset Bryggjeslottet og området rundt. Bryggjeslottet blei stengt i lang tid etterpå.

Må løyva meir

Til no har kommunen sett av 5,7 millionar til arbeidet med å rydda opp. Og på neste møte skal formannskapet drøfta ei ny løyving på 4 millionar. Til saman 9,7 millionar kroner. Svært mykje pengar for ein liten kommune.

– Er det råd å få til eit spleiselag? At nokon annan kan ta litt av rekninga?

– Nei, seier Tømmerbakke. Dette må kommunen i utgangspunktet dekka sjølv.

– Me kan kanskje få litt tilskot, men dette dreier seg om kommunal grunn, kommunale vegar og kommunale bygg. Så me må ta det av eiga lomme.

– Men me hadde jo ikkje noko val. Fjellet måtte sikrast, området må bli trygt. Og no ser me heldigvis slutten på prosjektet, seier rådmannen.

Luftig arbeidsplass

Fire fjellvane karar frå Gjerden Fjellsikring si avdeling på Kokstad er i sving i den bratte fjellsida. På det meste var dei sju.

– Interessant arbeid. Lærerikt. Men det er jo både tungt og krevjande også, seier Ruben Haaberg og Ole Rullestad. To av arbeidslaget som no held på.

– Og så er det jo fint å tenkja på at me sikrar bygda mot nye ras, som kanskje kunne ha øydelagt endå meir.

Saman med resten av arbeidslaget har dei reinska fjellet for lause steinar og torver, og no held dei for det meste på med bolting og anna sikring.

Så langt har dei bora rundt 200 sikringsboltar inn i fjellet, og fleire blir det dei neste vekene før alt er unnagjort. Dei lengste boltane er på fire meter og er forankra langt inne i fast fjell. Geologar har heile tida følgt arbeidet.

Reinsking, bolting og eit gjerde

– No ser me heldigvis slutten på det som har blitt ein stor jobb, seier rådmann Jo Tømmerbakke. Reinsking og bolting skal vera avslutta om få veker.

– Så skal me setja opp eit nettinggjerde, eit såkalla fanggjerde, på bakken nokså nær fjellsida. Det vert seks meter høgt og 110 meter langt, og kjem i tillegg til den jordvollen som for fleire år sidan vart bygt på ei strekkje langs fjellet.

– Me vonar alt er gjort før skulen sluttar om nokre veker., konstaterer rådmannen.

Til og med den bratte «snarvegen» som folk frå gammal tid har nytta mellom Mo og Mostølen, blir teken vare på. Får til og med nettinggjerde der fjellhylla ein går på er på det aller smalaste.

Tek av sparepengane

Pengane som formannskapet no skal løyva, må dei henta frå ymse kommunale fond. Pengar som politikarane nok gjerne skulle ha sett at dei kunne bruka til andre ting. Å ta kostnaden over det vanlege driftsbudsjettet til kommunen var utenkjeleg – ti millionar tilsvarar om lag ti prosent av heile budsjettet til kommunen – skule, helsevesen, barnehage og alt medrekna.

Så vert det altså å ta av sparepengane – drygt 26.000 kroner for kvar modaling, frå olding til nyfødd.

– Me lever i naturen og veit at uventa ting kan skje. Men me veit det er gjort skikkeleg arbeid med fjellsida. Det er godt å få dette gjort, seier rådmann Jo Tømmerbakke.