Nyleg kunne me igjen lesa om dei uheldige konsekvensane av nærskuleprinsippet. Elevane i Modalen får færre val enn elevar i andre kommunar, og føyer seg i rekkja av eksempel på kor feilslått skulepolitikken til Arbeidarpartiet er. Dei risikerer rett og slett å hamna nedst i bunken dersom dei ynskjer seg til ein annan skule enn den såkalla «nærskulen». Dette på grunn av ein kunstig modell ingen heilt forstår.

Venstresida har regulert nærskuleordninga ei rekkje gonger. Kvifor? Jo, fordi ordninga ikkje fungerer i det verkelege livet. Tida er inne for å løfta blikket – me treng færre reguleringar og urettvise reglar for elevane våre. Elevane i Vestland og i Modalen treng eit reelt skuleval, me treng eit fritt skuleval.

For Vestland fylkeskommune si viktigaste oppgåve som skuleeigar med ansvar for elevane si vidaregåande opplæring, er å sikra at elevane får oppfylt draumane sine, og det må me som politikarar leggja til rette for – diverre har venstresida totalt misforstått.

Det kan ikkje kallast noko anna enn urettvist at elevar i Modalen blir handsama på ein annan måte på grunn av inndelinga etter kommunegrensene. Modellen med nærskuleprinsippet klarer ikkje å ta omsyn til at kommunane i Vestland består av ulike postnummer, grender og bu – og arbeidsmønster, og det skal ikkje gå ut over elevane.

Eg trur at elevar veit best kva skule dei ynskjer å gå på, og at dei tar gode val som passer dei. Det er tross alt elevane som skal velja si framtid, ikkje politikarane på venstresida. Ein veit også at mange slit med å koma seg gjennom vidaregåande opplæring, då er det heilt avgjerande at ein legg opp til eit studieløp som motiverer og at elevane kan påverka dette valet framfor rigide grenser og forbod. Då nyttar det ikkje at ein skal tre ei A4-løysning over hovudet på elevane i Vestland, sjølv om dette kanskje er det lettaste for politikarane. Nærskuleprinsippet er ikkje det beste for elevane i Modalen. Prinsippet slår uheldig ut og avgrensar elevane sin valfridom.

Eg seier ikkje at fritt skuleval er perfekt, i likskap med dei fleste ting, men det byggjer på nokre heilt grunnleggjande prinsipp om kven det er som skal bestemma over elevane sin kvardag. Då blir det heilt feil at plassen du bur på skal ha noko å seia for kva slags moglegheit du har for å velja skule når du skal byrja på vidaregåande.

Valet til hausten vert avgjerande, om det er systemet eller enkeltindividet som skal vera det viktigaste i skulepolitikken. Høgre vil alltid stå opp for eit fritt skuleval og er på lag med elevane i Modalen.

Les også

«Ein operasjon i særklasse vart sett i gang»