Viser til innlegg i avisa Hordaland laurdag 23. juni der Brynjar Abrahamsen og Irene Klette no ikkje får byggja naudsynt ny bustad på garden som dei, etter planen, skal overta. Ifylgje Hordaland kan dette medføra at dei flyttar frå Vossabygda og garden blir då, truleg, nedlagd. Er det slik samfunnet handsamar ungdomar som vil satsa innan jordbruket?

Det er vel temmeleg urimeleg måte og handsama folk på når me veit at Noreg berre produserer 40 prosent av maten me treng, resten, 60 prosent, må importerast. Og me veit at tusenvis av gardsbruk blir nedlagde kvart år. I perioden 2010 - 2020 vart 8126 bruk nedlagde. Ifylgje Bondebladet utgjorde det kvart sjette bruk (17,4 prosent). I 2020 var det, av tidlegare cirka 180.000 jordbrukseigedomar, berre att 38.498 bruk i drift i landet.

Landbrukskontoret har vel forståing for at nye drivarar av eit gardsbruk vil bu i hus på garden. Kanskje Landbrukskontoret, i dette tilfelle, meiner at Irene og Brynjar kan bu i telt – som, truleg, ikkje krev noko form for løyve for å setja opp på eigen grunn. Landbrukskontoret i heradet opplyser i denne saka om nye reglar (innstramming jordvern), etter regjeringsskifte 2021 og etter krigen tok til i Ukraina. Men når det gjeld sakshandsaming er det ein allmenn regel om at nye reglar ikkje alltid har tilbakeverkande kraft. Det vil seia nye reglar skal ikkje alltid ha innverknad på saker som er under handsaming, eller saker der sakshandsaming er påbyrja i samsvar med tidlegare gjeldande reglar.

Det er ikkje så lenge sidan at det var ganske vanleg med to bustader/husvære på ein gard – hovudhusvære og «kåra-bustad». Håpet er at regelen «ikkje tilbakeverkande kraft» – eller sunt politikarvit – når fram i denne saka, slik at Brynjar og Irene får sin nye bustad på bruket dei ynskjer og overta.

NB 1: Me som skriv dette innlegget er opptekne av saker som ikkje ser ut til å fungera særleg godt i samfunnet.

NB 2: Som fleire har sagt - det bør vera sjølvsagt at det er lovleg å byggja hus på eigen grunn for dei som skal driva eigen gard. Og kvifor i all verda skal landbrukskontor, eller andre offentlege organ, ha noko med slike saker og gjera? Det er vel ingen grunn til å tru at grunneigar ikkje varetek både eige byggjeprosjekt og eigen grunn på beste måte?