– Klokka 12.57 fekk me melding om at ein traktor hadde gått rundt og hamna utfor vegbanen på Tyssevegen. Det er ein person i traktoren, og han er delvis fastklemt, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl Michalsen, til Hordaland.

Det var traktorsjåføren, ein mann i 70-åra, som sjølv ringde til politiet.

Om lag klokka 14.40 melder innsatsleiar på staden, Jonas Mong, at mannen er laus frå traktoren, og er lagt på båre. Mannen er medviten og blir frakta med ambulanse til Voss sjukehus, melder Mong.

Tyssevegen, der ulukka skjedde, er ein smal og kronglete sideveg ovanfor Bolstad. Naudetatane hadde vanskar med å ta seg fram til mannen. Naudetatane var, ifylgje Hordaland sin journalist på Bolstad, framme ved mannen om lag klokka 14 og starta prosessen med å få han laus.

Innsatsleiar Mong opplyser at seks helsearbeidarar, åtte frå brannvernet og ein frå politiet kom seg fram til mannen og fekk frigjort han.

Skyssa fram med strøtraktor

Bjørn Dolve er utrykkingsleiar i Voss brannvern og var ein av dei som var med og fekk mannen laus.

– Me kjem fram og møter ein traktor som har velta utfor ei skråning. Han hadde ringt inn sjølv og sa han sat fast med ein fot, og det stemte jo, seier Dolve.

Han fortel at dei fekk skyss med ein godt skodd strøtraktor som tok dei fram til ulukkesstaden.

– Det var forferdeleg glatt føre på veg inn. Hadde me måtta køyrd eigne bilar så hadde det nok gått det også, men det var bra å få skyss med traktoren, seier Dolve.

Låg 50 meter frå vegen

Han fortel at dei hadde med seg frigjeringsutstyr, mellom anna hydraulisk driven saks og bajonettsag, som dei brukte til å frigjera mannen med. Utstyret vert drive av bensinaggregat.

Dolve seier det tok om lag 20 minutt frå dei kom på staden til dei fekk han laus. Folk frå helse var med og hadde kontroll på pasienten medan brannvernet jobba med frigjeringa. Det var folk frå brannvernet frå Voss, Evanger og Dale på staden.

Ulukka skjedde om lag 800 meter frå der Tyssevegen går frå Øvstedalsvegen, på veg mot Tyssen. Ifylgje Dolve låg traktoren på sida i terrenget på fjordsida av vegen, om lag 50 meter frå vegen. Mannen låg inni velteburet på traktoren, og altså med fastklemt fot.

– Det er spesielt å vera med på slikt, men når me står i det fokuserer me på arbeidsoppgåvene våre. Me fekk han laus og opp til vegen, og så tok helse over.

Jostein Skeie ved Voss politistasjon var også med på å få den fastklemte mannen laus frå traktoren.

– Han sast fastklemt, og det tok litt tid å få han laus, men han er medviten og det ser etter forholda ut til å gå bra med han, seier Skeie, som legg til at mannen var på jobb som snøbrøytar då ulukka skjedde.

– Traktoren skal ha hamna utfor vegbanen då han skulle rygga, og hamna fleire meter nedover ein skrent. Han er vaken og medviten, og har klemt fast ein fot. Me rykkjer ut med alle ressursar me har, også luftambulanse og redningshelikopter, sa operasjonsleiar Michalsen om lag klokka 13.35.

– Redningshelikopter vart sendt mot staden, men dårleg flyvêr gjer det krevjande for helikopter å ta seg fram, melde politiet på Twitter klokka 13.57. Personell frå luftambulanse blei sendt i bil til staden.

Mannen vart frakta til Voss sjukehus med ambulanse.

Smal og isete veg

Operasjonsleiar Michalsen fortel at det var store vanskar med å ta seg fram på vegen.

– Det er svært vanskeleg tilkomst på vegen, det er glatt og isete og mykje snø. Det er ute ein traktor i området no, som strør for harde livet slik at naudetatane kan koma seg fram, sa Michalsen om lag klokka 13.35 tysdag.