– Det er utruleg kjekt å spela fotball når me har stolte vossingar i ryggen, seier kaptein Kristoffer Bidne.

Når laget no kjempar i toppen, håpar han vossingane for alvor byrjar å ta turen til heimekampane.

– Min draum er at når A-laget spelar heime om laurdagen, så kjem vossingane på kampen. Me har hatt 300-400 på det meste i vanlege seriekampar dei siste åra. Det hadde vore flott om me kom opp på eitt snitt på 500 tilskodarar. Det vert unikt i 4. divisjon.

Tusen tilskodarar

Voss hadde nyleg godt over 2000 tilskodarar mot Bann i 1. runde i cupen. Liknande tal drøymer ikkje klubbmedlemane om til heimekampen i 4. divisjon.

Bjarte Bergstrøm sit på kontoret til Fbk Voss og håpar på 1000 vossingar og ostringar på kampen laurdag.

– No mobiliserer me det me kan, og me oppmodar vossingane til å støtta herrelaget laurdag. Me håpar flest mogleg unge spelarar stiller Ostringane er også på ballen, seier Bjarte Bergstrøm.

– Det hadde vore kjekt om me hadde sett ein publikumsrekord for vanleg seriefotball i moderne tid, seier Bergstrøm.

Han har ikkje eksakt tal å koma med.

– Sidan 2010 er det vel på 300-400 i vanlege seriekampar det meste me har hatt. Men med tusen tilskodarar er me sikre på rekord sjølv om me skulle ha oversett ein kamp med litt meir tilskodarar enn det normale.

Bergstrøm fortel at det før kampen vert løkkefotball på Kiwibanen for barnefotballag, samt ulike konkurransar med flotte premiar i pausen.

Ostringane kjem

Osterøy sin trenar, Vidar Fossdal, gler seg over rekordforsøket på Voss, og han lovar å at ostringane skal stilla.

– Normalt har me fleire publikum i ryggen på bortebane enn det heimelaget har. Det er om lag 40 personar som alltid er med oss, men denne gongen må me prøva å stilla mange fleire, så me vil prøva å engasjera ostringane ekstra til ein vossatur, seier Fossdal.

Her er tabellen for 4. divisjon.