– Tjuveria har skjedd rundt Voss sentrum, og me vil oppmoda folk på det sterkaste om å investera i skikkelege låsar, seier politibetjent Jon Viste ved Voss politistasjon torsdag.

Han forklarer at det lønar seg å leggja ut litt ekstra for ein god sykkellås.

– Me oppmodar låsar med topunktsikring, som ikkje let seg knekkja med avbitartong. Me rår ifrå på det sterkaste vanleg vaierlås, seier Viste.

Store verdiar

– Har tjuveria skjedd ved privatbustader eller langs gata?

– Eigentleg begge stader, både i og rundt Voss sentrum. Slike syklar kostar gjerne frå 14.000 kroner og oppover, så det er store verdiar som går tapt, seier han.

– Har de noko aning om kven det er som har stole syklane? Er det omreisande?

– Me har fleire aktuelle kandidatar, og me etterforskar dette vidare, seier Viste.

Fleire av tjuveria skal ha skjedd denne veka, og Viste anslår at dei stolne syklane ligg i ein prisklasse på rundt 20.000 kroner.

Tips i saka kan rettast til politiet på Voss på telefon 56528700.