Gå til sidens hovedinnhold

Berre nesten mot Vadmyra

Artikkelen er over 8 år gammel

Magne Himle reduserte for Voss på tampen og gav håp om poeng mot Vadmyra. Men det enda med knipe bortetap mot Vadmyra i dag.

3. divisjonsoppgjeret mellom Vadmyra og Voss enda 2-1.

- Eg er godt nøgd med 1. omgang. Då stod me tett, jobba godt og tok gode val, seier trenar Petter Fossmark.

Ved pause var stillinga 0-0.

Heimelaget tok leiinga ved Øyvind Braaten i 59. minutt og auka femten minutt seinare ved Mads Wedervang.

- Då Magne Himle reduserte i 89. minutt hadde me håp om eit poeng. Me hadde eit vist trøkk mot slutten, seier Fossmark, som likevel meiner 2. omgang var svak og ruskete for vossingane.

Kommentarer til denne saken