Gå til sidens hovedinnhold

Braksiger heime - men kanskje for seint

Artikkelen er over 8 år gammel

- Me har jammen hatt sjansar i tidlegare kampar også, men utan å ha fått utteljing på dei. Slik som i dag, seier Tore Ulveseth, trenar for Dale.

Til slutt enda heimekampen mot Os2 med heile 7-2, etter at det stod 1-1 ved pause. Kampen opna heller dårleg, med eit baklengs etter berre fire minutt. Fem minutt seinare utlikna Tonny Tysnes, og i andre omgang trilla måla jamnt og og trutt inn bak Os2-målmannen.

Tonny Tysnes stod til slutt med to mål, det same gjorde Andreas Erstad, Dan Børge Høvik fekk inn eitt, Andreas Søberg også eitt, og Os2 noterte seg også for eit sjølvmål. I kampens siste minutt reduserte Os 2 til 7-2.

- Det var godt sigeren endeleg kom, ingen tvil om det. Men med tanke på å halda plassen i divisjonen, så er det nok for seint. Det er berre teoretiske sjansar for at det kan skje, slår Ulveseth lakonisk fast.

- Heile laget fungerte i alle fall godt i denne kampen, det var i alle fall godt å sjå, avsluttar han.

Kommentarer til denne saken