Gå til sidens hovedinnhold

Cupeventyr for Laila Himle

Artikkelen er over 8 år gammel

FOTBALL: Laurdag kan Laila Himle bli noregsmeister i fotball. Avaldsnes møter seriemeister Stabæk til cupfinale på Ullevaal.

– Det er god stemning i gruppa, seier ei strålande Laila Himle på telefon frå Oslo fredag. Ho og resten av laget til Avaldsnes er klare for å gje Stabæk skikkeleg kamp om cupsigeren i fotball. Kampen går på Ullevaal, og noregsmeisterskapen står på spel.

– Det er ei stor oppleving å ta med seg, seier Laila som opphavleg kjem frå Bordalen.

Klar for ny sesong

Laila Himle har spelt for aldersbestemte landslag, Voss og Arna Bjørnar før ho gjekk til rogalandsklubben Avaldsnes før denne sesongen. Klubben var då ny i Toppserien, og enda på fjerdeplass i årets sesong.

– Ser me på haustsesongen isolert, er me nest best, seier Laila.

Ho har alt skrive under ny kontrakt med Avaldsnes, og er klar for nok ein sesong. Klubben er spesiell i norsk samanheng, og baserer seg mykje på utanlandske spelarar, faktisk har berre fem av spelarane norsk pass.

Trur på cupsiger

I dag bles dommar Henrikke Nelvik i gang cupfinalen kl 16, det var i går ikkje klart om Laila startar kampen eller ikkje.

– Eg veit ikkje, men håpar sjølvsagt. Me får ikkje vita laget før i kveld, sa ho til Hordaland fredag føremiddag.

– Men uansett er det ei stor oppleving å ha med seg.

– Tek de sigeren heim?

– Har me ein skikkeleg god dag, kan me ta dei: Me spelte uavgjort mot dei ved sist møte, seier Laila. Stabæk er seriemeister i år, og jaktar sjølvsagt ein dobbel triumf.

Avaldsnes har stort sett rydda vegen mot finalen greitt. Dei vann 4-0 over Haugar, 5-1 over Amazon Grimstad, 3-2 over Klepp og 5-1 over Vålerenga i semifinalen.

Kjekk oppleving

Laila Himle kom saman med resten av laget til Oslo fredag. Dagen vart brukt til å sjå seg om i hovudstaden, pressemøte og intervju før det var tilstelning om kvelden for tilreisande supporterar. Heile familien til Laila har sjølvsagt teke turen til Oslo.

– Kva skjer etter finalen?

– Då blir det bankett, sikkert med talar og utdeling av prisar. Kva som skjer etterpå får me sjå, seier ei kampklar Laila Himle.

ps: På Stabæk stiller Stine Reinås, som kom til Voss frå Kaupanger for nokre sesongar sidan. Den tidlegare vossaspelaren fekk sin debut for A-landslaget nyleg.

Kommentarer til denne saken