Gå til sidens hovedinnhold

Dale klart det beste laget

Artikkelen er over 7 år gammel

Nordre Holsenøy vart rett og slett spelde av bana, og måtte sjå seg slegne av Dale med 2-0 på Geitabakken sundag kveld.

- Det var ve aldri nokon tvil, me hadde ei midtbane som fungerte svært så bra, med Stian Olsnes, Andreas Søberg og Dan Carlos Dankertsen, seier trenar Arnold svært så nøgd etter kampen.

- Dette var godt, og dette fortente me verkeleg også, smiler kaptein Andreas Søberg, som hadde jobba jamnt og godt som vanleg. Han vart også kåra til dagens daling for innsatsen sin.

Begge måla i kampen kom i fyrste omgang, Ørjan Boge skåra fyrst så Kim Andre Njaastad, begge måla i dei ti siste minutta. Andre omgang var Dale sin på alle vis, berre nokre få gonger var det farleg føre Dale sitt mål, og då skuldast det ofte personlege feil av dalingane. Arild Soltvedt spela godt i mål, og hadde fleire gode redningar.

Alt onsdag er det ny kamp for Dale, denne gongen mot Juristforeningen, og den kampen går på idrettsplassen på Vaksdal.

Kommentarer til denne saken