Gå til sidens hovedinnhold

Dale møtte ikkje til siste kampen

Artikkelen er over 8 år gammel

Med helga skulle Dale hatt bortekamp mot Trio, men den kampen vart det aldri noko av.

– Me var rett og slett for få spelarar til å kunna stilla lag, seier spelande trenar Kim Andre Njaastad.

Trenar Tore Ulveseth skulle ikkje vera med på den siste kampen for sesongen.

Bot og tapte poeng

– Kva som var årsaka til at så mange ikkje kunne vera med, veit ikkje eg, det må du nesten spørja spelarne om, legg Njaastad til.

Dermed vert det nokre tusen kroner i bot, og bokført tap i siste kampen. Utan at det endrar på tabellsituasjonen, der Dale ligg heilt sist.

– Det vart ein kjedeleg slutt på sesongen dette, og det har vore ein lang og tung sesong. Det er godt det over, medgjev Njaastad.

5. divisjon neste år

Då vert det 5. divisjon for Dale neste år.

Og det er altfor tidleg å seia noko om den sesongen, svarar Njaastad når me spør om han har sett framover.

Dale enda totalt på ni poeng, to vunne, tre uavgjorte og seksten tapte kampar. Og med ein negativ målskilnad på 61.

Kommentarer til denne saken