Gå til sidens hovedinnhold

- Ein svært spesiell kamp

Artikkelen er over 8 år gammel

Lite gjekk rette vegen for Voss i 3. divisjonskampen mot Tornado Måløy.

Kampen enda 5-0 til Tornado Måløy.

- Det skjedde mykje forunderleg i denne kampen. Me sleppte inn to mål på utspark, og dei fekk eit mål frå eigen banehalvdel. Me hadde meir enn nok sjansar til å skåra noko sjølv, men fekk det ikkje til, seier ein skuffa trenar Petter Fossmark.

Han hadde håpa og trudd at laget skulle få med seg poeng heim frå Måløy, men synest det er for tidleg å svara på kvifor det gjekk så gale.

Voss ligg i botnen av tabellen, men det ynskjer ikkje trenaren å tenkja på. Han vil heller planlegga neste kamp, som er heime mot Lyngbø 6. oktober.

- Då må innsatsen opp nokre hakk frå i dag. Forhåpentlegvis får me medvind og stang inn, og kanskje vert det me som skårar frå eigen banehalvdel, seier han.

Kommentarer til denne saken