Gå til sidens hovedinnhold

Framleis håp etter poengdeling

Artikkelen er over 8 år gammel

Ragnhild Djønne Vambheim og Sanna Skulstad Dregelid skåra måla då Voss klarte 2-2 mot Kaupanger. Laget har framleis eit lite håp om å overleva i divisjonen.

Heimelaget fekk ein tøff start i 1. divisjonsoppgjeret på Prestegardsmoen gras i dag. Fem minutt ut i kampen sende Camilla Ervik gjestene opp i leiinga. Men Voss hadde viljen, spelarane stod på og laget kom tilbake. Eit hjørnespark etter 25 minutt enda framfor mål, først prøvde Oda Aspebakken Sværen seg, keeper gav retur og der dukka Ragnhild Djønne Vambheim opp og prika ballen i nota.

Det stod 1-1 til pause.

Etter sidebyte held Voss fram med å jobba godt, men utan å levera noko finspel. Kampens finaste vossaspel var då Sanna Skulstad Dregelid og Silje Bryn Ekehaug leverte godt veggspel og Dreglid avslutta med eit skot like over etter 59. minutt.

Bortelaget leverte betre passningsspel enn vossingane, og det gav resultat. Innbytar Henriette Helle hadde nettopp kome innpå då ho med eit lurt skot sende gjestene i føringa 73. minutt ut i oppgjeret.

Kaptein Sanna Skulstad Dregelid fekk med seg spelarane, og heimelaget kjempa vidare. Og fem minutt seinare fekk Voss frispark like utanfor 16 meteren. Silje Bryn Ekehaug la frisparket fint inn, og Sanna Skulstad Dregelid var tøffast i lufta og headda ballen i nota.

På slutten var Kaupanger nærmast skåring, då dei kom forbi keeper og ballen hadde retning mål. Anna Eline Vinsand stupte fram og redda på streken.

- Det positive i dag er at me skårar to mål. Spelemessig vart dette for rotete, meiner trenar Bjarte Bergstrøm.

Kaupanger-trenar Marius Bøe er skuffa over at laget ikkje tok tre poeng i dag.

Voss sin nedrykksrival Fart tapte 0-2 for Åsane i dag.

Kommentarer til denne saken