Gå til sidens hovedinnhold

Håp for Voss

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss kan framleis redda plassen i 3. divisjon etter ein god kamp borte mot Tertnes laurdag. Dei er no to poeng bak Stryn som spelte 2-2 borte mot Varegg.

Voss har hangla heile sesongen, men i dag spelte dei ein god kamp borte mot Tertnes. To mål av Geir Edvard Geitle og eitt kvar av Julius Chomistek og Kristoffer Bidne gjorde at Voss vann 4-0 mot laget som ligg på 7. plass på tabellen.

– Det handlar om å få uttelling for sjansane, og det fekk me i dag, seier trenar Petter Fossmark.

Voss er no på nedrykksplass, men kan gå forbi Stryn i siste serierunden neste helg. For at det skal skje må Voss slå Vik heime, og Stryn må helst avgje tre poeng i sin kamp mot Tornado Måløy. Spelar Stryn uavgjort må Voss vinna minst 4-0 mot Vik. Vik rykker definitivt ned i 4. divisjon då dei berre klarte uavgjort heime mot Sogndal 2.

Kommentarer til denne saken