Gå til sidens hovedinnhold

– Herleg med siger

Artikkelen er over 8 år gammel

Tre etterlengta poeng til FBK Voss på Idrottsplassen i dag

Voss tok imot Stryn på Idrottsplassen laurdag. Ein kamp vossingane vann 1-0.

– Herleg å endeleg kunna ta helg med ein siger att. Det er lenge sidan sist. Me gjorde ein god kamp, seier Petter Fossmark etter kampen mot Stryn på Idrottsplassen laurdag

Voss spela best, men Stryn hadde nokre farlege sjansar som det fort kunne vorte mål av, men Voss-målvakta, Filip Rolland Ulveseth hadde fleire gode redningar og greidde halda reint mål gjennom 93 minutt.

– Me byrjar å likna oss sjølve att, men vert litt overivrige til tider. Det utnytta motstandarane. Men, me var betre enn Stryn, og me gjorde ein god kamp som me endeleg fekk betalt for.

Fleire sjansar

Kampen starta med ein kjempesjanse til Stryn etter berre to minutt spel, men målvakt Ulveseth fekk kontroll på situasjonen. Etter det var det Voss som styrte kampen.

Etter seks minutt fekk Voss frispark på Stryn sin banehalvdel. Ballen gjekk via ein Stryn-spelar og ut til hjørnespark. Heller ikkje det vart noko av.

12 minutt ut i kampen fekk Voss ein ny sjanse med eit knallhardt skot mot mål, men ballen gjekk like utanfor.

Etter 15 minutt meinte Voss at dei vart snytte for eit frispark like utanfor 16-meteren til Stryn, men dommaren lot spelet gå vidare.

Den neste store sjansen til Voss kom då Geir Edvard Geitle brende av frå over 20 meter mot mål. Det var så vidt Stryn-målvakta fekk hand på ballen og vippa han over målet til eit hjørnespark. Heller ikkje det vart det noko meir av.

1-0 til Voss

Voss skapte fleire sjansar, men til pause var stillinga framleis 0-0.

Etter sidebyte var det ikkje dei store sjansane. Fyrst etter 60 minutt, då ein Strynspelar fekk handa på ballen, bles dommaren korrekt hands og Geir Edvard Geitle fekk ein ny sjanse. Han tok frisparket frå omlag 25 meter og ballen gjekk i mål og Voss gjekk fortent opp i leiinga.

Stryn hadde fekk også norke fleire sjansar, men greidde ikkje avslutta. Dermed kunne Voss gå av banen med tre svært viktige poeng i dag.

Kommentarer til denne saken