Gå til sidens hovedinnhold

- I dag skulle me ha vunne

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss hadde spelemessig stort overtak på Lyngbø i 1. omgang, likevel skåra gjestane sigersmålet like før pause. Voss har berre teoretisk sjanse til å overleva i 3. divisjon.

- Det er vel framleis eit lite håp, men me skulle ha vunne i dag, seier Olav Skjeldal.

Voss opna best. Hadde ballen klart mest og kom fleire gonger fram på kantane, men inne framfor mål vart det for tamt. På overtid av 1. omgang, på en av bortelagets få sjansar, skåra Fredrik Fotland Nilssen etter forsvarsrota av fleire vossaspelarar.

- Juniorfeil av Magne Himle og Eirik Hauge, kommenterer trenar Petter Fossmark.

I 2. omgang hadde framleis Voss spelemessig overtak, men omgangen bar preg på at laget absolutt måtte ha mål.

Største sjanse fekk innbytar Vegard Skjoldli på då han på overtid fekk ballen på femmeteren, men keeper Ronny Haraldseid fann fram matchvinnartakter og hindra skåringa.

- Me spelar bra, men me skårar ikkje mål. Slik har det vore i mange kampar denne sesongen, seier Olav Skjeldal.

Vadmyra slo i dag Stryn 2-1.

Kommentarer til denne saken