Gå til sidens hovedinnhold

Kollaps for Voss

Artikkelen er over 7 år gammel

Voss leverte festfotball og leia 3-1. Men så gjekk det meste galt, og Nordhordland snudde kampen.

- Det skal ikkje vera mogeleg å tapa på denne måten, kommenterer trenar Trond Storheim etter at 3-1 vart til 3-4 i 4. divisjonsoppgjeret heime mot Nordhordland i kveld.

- Me var heldige, men på slutten var det me som ville mest, meiner NBK-trenar Erlend Andås.

Voss opna best. Anders Øvsthus var tilbake og spela sin fyrste kamp på lenge etter skulderskaden ha pådrog seg som Fana-spelar. Alt etter 4 minutt skårar Øvsthus et flott mål med eit hardt skot frå om lag 18 meter.

Nordhordland utliknar tre minutt seinare ved Sindre Skår, som får avslutta utan motstand av eit passivt heimeforsvar. Men det er likvel Voss som hadde kommandoen. Og Anders Øvsthus leverte kveldens store prestasjon ein halvtime ut i kampen NBK fekk hjørnespark. Øvsthus snappa ballen nede ved dødlina, set fart og med få berøringar tek han ballen med seg i enormt tempo over heile banen, legg inn til Ronny Skjelde som stussar ballen ut til Simen Brekkhus som breisida ballen i nettet og 2-1 til heimelaget 3-1 kom ved Stig Arne Brunborg i 36. minutt. Mål kom etter eit langt innkast frå Anders Øvsthus. No såg det skikkeleg bra ut for Voss, men forsvarsspel var ikkje godt denne kvelden, og litt før pause reduserte Andreas Snekkevik til 3-2 på enkelt vis.

Like etter pause utlikna Jørgen Mangor-Jensen for bortelaget, då Harald Østervold gav retur på eit skot. Etter denne kalddusjen av ein start på 2. omgang, kom aldri Voss tilbake på nivået frå 1. omgang. Alexander Hindenes vart matchvinnar då han skåra 3-4-målet i 72. minutt.

Voss hadde sjansar også i 2. omgang, men klarte aldri å omsetja desse i skåringar. Nærast var Ronny Skjelde som tråkla seg fint gjennom forsvaret, men som ikkje klarte å skåra åleine med keeper.

Kommentarer til denne saken