Gå til sidens hovedinnhold

Kunstgras på grus til Voss Cup

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss kommune og Fotballklubben Voss er nær ein avtale som set fart i byggjinga av ein ny kunstgrasbane. Målet er å ha banen klar til Voss Cup.

Ein avtale mellom Voss kommune som grunneigar og Fotballklubben Voss som utbyggjar av ein ny kunstgrasbane kan no sluttførast, etter at administrasjonen har fått fullmakt til å inngå avtalen. Med det er arbeidet kome nok eit steg på vegen, sidan det er vanskeleg for fotballklubben å senda byggjesøknad utan avtale med grunneigaren.

Og for Voss kommune er det avgjerande ikkje å selja seg ut av sentralidrettsanlegget. For å sikra momskompensasjon på 1,7 millionar kroner er det fotballklubben som må stå for utbygging, drift og vedlikehald av banen. Totalramma for den nye banen er 8, 6 millionar kroner, av dette må fotballklubben reisa 2,5 millionar sjølve, gjennom dugnadsinnsats og reide pengar. Resten kjem frå Voss kommune, Hordaland fylkeskommune og tippemidlar.

Klar til Voss Cup

Det var stor semje i formmanskapet om å gje administrasjonen fullmakt til å inngå avtalen, men det er spørsmål knytt til bruken av banen, sidan dette blir ein del av sentraidrettsanlegget, som ifylgje gamle reglar skal nyttast gratis av ålmenta.

Samstundes er det lagt opp til at Fotballklubben Voss skal kunna dekkja inn noko av sine vedlikehaldskostnader gjennom framleige av banen innan klubben si brukstid. Ordførar Hans Erik Ringkjøb og rådmann Einar Hauge meiner dette vil bli løyst av brukarrådet, som fordeler treningstid på banane.

– Det som no skjer er at me må sluttføra avtalen, seier Bjørn Lydvo. Så skal Cowi i Norheimsund seia sitt angåande val av dekke og granulat for å hindra mogleg ureining av vasskjelda i Prestegardsmoen.

– Me må få godkjent bygginga, så er det i mitt hovud klart til å byggja, seier Lydvo.

– Blir banen klar til Voss Cup neste år?

– Det er heilt klart fotballklubben sitt mål.

Isbane om vinteren

Grusbanen i dag blir islagt om vinteren, og blir mykje nytta av vossingar som vil stå på skeiser. Fleire i formannskapet, mellom andre Iril Schau Johansen frå Høgre og Arne Gilbakken frå Senterpartiet, var opptekne av at dette også må gå an på ein ny kunstgrasbane.

I vedtaket fekk ein difor inn eit punkt om at det må nyttast eit dekke som tåler islegging, slik at det kan leggjast isbane på heile kunstgrasbanen. Fotballklubben Voss vil ikkje motsetja seg isbane, seier Bjørn Lydvo.

– Me er glade for all aktivitet. Og om vinteren, i alle fall i dei kaldaste periodane i januar og februar, er det heller ikkje så stor aktivitet på fotballbanen. Så klubben er voldsomt innstilt på at det ikkje skal stå på oss om det skal vera is på delar av banen. Om det skal vera på heile eller delar, får ein sjå på, seier Lydvo

Kommentarer til denne saken