Gå til sidens hovedinnhold

Laksevåg sendt heimatt med tap

Artikkelen er over 7 år gammel

DALE: Sesongopning på kunstgraset på Geitabakken vart suksess for Dale. I alle fall om ein berre ser på poenga.

Det enda til slutt 2-1 til Dale, då dommaren såg eitt eller anna i sluttminutta som han meinte kvalifiserte til straffespark. Det ekspederte Preben Sandvik effektiv i mål, og dermed ebba kampen ut.

Ved pause stod det 1-1, begge dei måla kom etter vel ein halvtimes spel. Fyrst fekk Laksevåg ei billeg skåring. Minuttet etter var det klabb og babb føre Laksevåg sitt mål, der eine sjansen avløyste den andre. Det vart vel til slutt eit sjølvmål av ein Laksevågspelar, på eit skot frå Even Johansen Indrebø.

Kampen vart elles prega av ein noko uferdig dommar, trøysta får vera at avgjerdene hans - som ikkje var så gode å skjøna alltid - var likeleg fordelt på dei to laga.

Nokre offside-avgjerder som gjekk i disfavør av heimelaget, fall sjølvsagt ikkje i god jord.

Kampen var rotete og til tider litt amper, utan at det vart direkte stygt.

- Me var best totalt sett, og på den måten er det heilt greitt at alle poenga vert att på Dale, var den eine av trenarane, Arnold Olsnes sin kommentar.

- Enig i det, men me fekk vel eit straffe på slutten som me ikkje skulle hatt. Og det er synd at ein dommar til tider kan prega ein kamp så negativt som dette, avslutta Knut Bjarne Fotland, den andre i trenarteamet til Dale.

Kommentarer til denne saken