Gå til sidens hovedinnhold

Motgang for Fbk Voss

Artikkelen er over 7 år gammel

Voss spela 70 minutt med ti mann då laget gjekk på sitt andre tap for sesongen.

Bortekampen mot NHH Fk enda med 0-2-tap for Fbk Voss sitt herrelag i 4. divisjon i dag. Motgangen starta alt før kampen, då Vigleik Måkestad skada seg under oppvarminga, og måtte stå over kampen.

20 minutt ut i kampen fekk bortelaget eit skikkeleg slag i trynet, då dommaren dømnde straffe, viste Eirik Mørkve raudt kort og heimelaget tok leiinga. Ved pause stod det 1-0 på Åstveit idrettspark.

Fem minutt ut i 2. omgang auka heimelaget til 2-0, som vart sluttresultatet.

Kommentarer til denne saken