Gå til sidens hovedinnhold

Nedrykk for damelaget

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss rykkjer ned i 2. divisjon etter dagens knepne tap heime mot Åsane.

Oppgåva var klar før dagens kamp mot Åsane på Prestegardsmoen. For å ha håp om å overleva i 1. divisjon måtte Voss slå Bergens-laget. Samstundes måtte Fart tapa for Fortuna Ålesund.

Voss byrja kampen veldig bra, og etter 15 minutt sette Ragnhild Djønne Dregelid ballen i mål på ein retur etter eit fint raid på høgrekanten av Linda Fostervoll Kvamme. Seks minutt etter såg det endå lysare ut for Voss då Johanna Dregelid sette inn 2-0.

Kampens klart beste spelar Maria Dybwad Brochmann utlikna for Åsane like før pause. – Me var nok litt prega av den seine utlikninga i inngangen til 2. omgang, seier trenar Bjarte Bergstrøm.

Brochmann stod meir og meir fram i andre omgang. Der feilprosenten gjekk opp blant spelarar flest tok Brochmann tak i kampen.

I siste minutt avgjorde ho for Åsane med sitt tredje mål i kampen, og sende med det Voss eit hakk ned i divisjonssystemet.

Kommentarer til denne saken