Gå til sidens hovedinnhold

Odda klart best

Artikkelen er over 8 år gammel

Dale spelte med ti mann nesten heile kampen mot Odda, men det var uansett lite å seia på at hardingane vann.

- Me held ein omgang og vel så det, og det kan me eigentleg vera godt nøgde med, seier trenar Tore Ulveseth etter kampen.

Ikkje minst når ein tek med at det vart dømt straffe og ein dalespelar fekk direkte raudt kort, då eit skot gjekk i handa på han heilt i starten på kampen.

Ved pause stod det 1-2, Dale sitt mål stod Andreas Søberg for. Litt ut i andre omgang tok måla til å trilla inn bak dalemålmann Olai Hilland, og til slutt vart det heile 1-6.

Dale held overraskande godt fylgje med Odda, sjølv om heimelaget ikkje hadde noko særleg å kjempa for. Nedrykk vert det uansett.

Derimot er situasjonen for Odda den stikk motsette, som med dette resultatet er på kvalifiseringsplass for opprykk til 3. divisjon.

Kommentarer til denne saken