Gå til sidens hovedinnhold

Petter Fossmark trekkjer seg

Artikkelen er over 8 år gammel

FOTBALL: A-lagstrenar og sportssjef Petter Fossmark leverte oppseiinga si til Fotballklubben Voss i går.

– Det skuldast ikkje at me har hatt ein dårleg sesong med nedrykk, og det er ikkje på grunn av hundsing eller misnøye. Me i klubben er lei oss. Det blir vanskeleg å finna nokon med hans kvalifikasjonar, seier styreleiar Bjørn Lydvo.

– Eg føler ikkje at eg vert skvisa ut. Det er heller ei kjensle av å svikta, seier Fossmark sjølv.

Familiære årsaker
Fossmark uttalte tidlegare i haust til Hordaland at han vurderte å gje seg etter sesongen. Han sa då at trenarfunksjonen ikkje hadde vorte slik han vart førespegla. No avviser han at det er den tunge sesongen som gjer at han trekkjer seg to år før avtalen hans med klubben går ut.

– Det er familiære ting som gjer at eg ikkje får dette til å gå opp, i alle fall ikkje på ein slik måte at eg får gjort ein god nok jobb, seier han.

Han bur i Bergen, og har ein son på 18 månader. Han følar at det har vorte for tungt med mykje kvelds- og helgejobbing og lang pendlarveg. No gler han seg til å få meir tid med familien.

– Eg er veldig lei meg for at dette ikkje går, det er utruleg kjekt å vera her. Men denne jobben er ein livsstil, ein må vera på heile tida og kan ikkje stempla ut på slutten av dagen. Akkurat no må eg prioritera annleis. Å fortsetja hadde korkje vore bra verken for meg eller for klubben, seier han.

- Bitter avslutning
Det er fire år sidan Fossmark kom til Voss. Han hadde som mål at klubben skulle rykkja opp til 2. divisjon, og at dei skulle utvikla spelarar til både eigen A-stall, Løv-Ham og Brann. Det starta lovande med at A-laget vann si avdeling fyrste sesongen, men utan å rykkja opp. I år gjekk det motsett veg, og laget rykte ned til 4. divisjon.

– Det er litt bittert å avslutta slik. Men me fekk sikkert som fortent. Det er mange små ting kvar enkelt av oss kunne gjort betre. No er heile gruppa revansjelysten, alle vil slå tilbake, seier han.

Når det gjeld spelarutvikling meiner både Fossmark og Lydvo at det har gått i rett retning.

– Det er han som har vore drivkrafta i Prosjekt Voss, som er det viktigaste me har gjort innan aldersbestemt fotball dei siste åra, seier Lydvo.

I prosjektet får dei mest ivrige fotballspelarane frå alle klubbane på Voss ekstra trening med dei beste trenarane.

– Det har vore ei rivande utvikling i barne- og ungdomsfotballen desse åra. Eg ser ein del veldig gode overgangar koma, som det hadde vore spennande å venta på, seier Fossmark.

Kommentarer til denne saken