Ørnar hadde alt vunne TeBe-serien før møtet med Bolkjen laurdag, men kunne altså ta rekord ved å bli det første laget til å gå gjennom seriespelet utan poengtap. Sidan TeBe-serien starta i 2002 har både Granvin og Bulken (no Bolkjen) gått gjennom sesongen utan tap, men ingen har tidlegare klart å unngå både tap og uavgjort.

Det såg lenge ut til å gå mot uavgjort mellom Ørnar og Bolkjen. Sjur Skeie Petersen gav Ørnar leiinga, men Christian Gjelsvik utlikna like etterpå.

Rekorden såg ut til å ryka for Ørnar, men Tommy Eriksen ville det annleis. Eit godt treff på langskot lurte ein elles god Bolkjen-keeper. Dommaren såg på klokka og bles av kampen rette etterpå, og med det fekk Ørnar ein rekord å ta med seg til "sesongevalueringa" i badestampen på Voss raftingsenter.