Gå til sidens hovedinnhold

Seks baklengs for Dale

Artikkelen er over 8 år gammel

Det såg noklunde greitt ut med uavgjort til pause, men i andre omgang rakna det.

Dale tok mot Sandviken på Geitabakken laurdag, og til slutt stod det 1-6 til gjestane. Og det var ikkje direkte urettferdig heller. I alle fall ikkje at Sandviken vann, men at det vart med så mange mål var vel kanskje i meste laget.

Ikkje noko positivt

- I dag har eg ikkje ein einaste positiv kommentar, sa Kim Andre Njaastad, spelande hjelpetrenar til Dale, like etter kampen.

Trenar Tore Ulveseth var heilt einig i den kommentaren.

- Men me fortener ikkje noko anna enn dette heller, når prioriteringane er slik hjå ein del av spelarane, så går det slik som dette, seier han, tydeleg skuffa.

Tonny med eitt mål

Tonny Tysnes og Andreas Søberg, saman med Preben Sandvik og Rune Kristiansen, er dei fire på Dale sitt lag som får nokulunde godkjent. Tonny skåra det einaste målet, då han utlikna til 1-1 litt ut i fyrste omgang.

Andreas Søberg sprang heile kampen gjennom, og la ein stor innsats for dagen. Preben Sandvik glimta til nokre gonger på midtbana, og Rune Kristiansen var ein god sisteskanse.

Femte neste år

No er det ikkje teori lenger, Dale vil ikkje klara seg i fjerde divisjon, då måtte dei i alle fall ha vunne alle kampane som står att, og fått skikkeleg hjelp av fleire andre lag.

Slik gjekk det ikkje, og det vert nok femte divisjon neste år.

Kommentarer til denne saken