Gå til sidens hovedinnhold

Sjanselause mot Sarpsborg

Artikkelen er over 8 år gammel

Fbk Voss vart utklassa 1-6 då Sarpsborg 08 tok sin sjuande strake siger i 1.divisjon.

Heimelaget, som kjempar om opprykk til toppserien, leia 3-0 til pause, etter skåringar av Elin Gladheim, Pernille Ingvaldsen og Hedda Vedeler i tidsrommet 28. til 35. minutt.

Etter pause reduserte Katrin Oppheim for Voss i 56. minutt. Men bortelaget kom likevel aldri inn i kampen.

Henriette Ingvaldsen skåra 4-1 til heimelaget i 69. minutt. Camilla Bønøgård og Henriette Ingvaldsen skåra begge ein gong til, og fastsette sluttresultatet til 6-1.

I vårkampen tapte Voss 0-3 på heimebane mot Sarpsborg 08.

Kommentarer til denne saken