Gå til sidens hovedinnhold

Sparka frå seg for seint

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss banka Vik, men rykkjer likevel ned.

Premissane før laurdagens kamp var klare. Voss måtte vinna, helst med tre mål. I tillegg måtte Stryn avgje minst to poeng i sin kamp mot Tornado Måløy.

Voss gjorde sin del av jobben. I ein kamp dei hadde full kontroll på frå start til slutt, slo dei alt nedrykksklare Vik 5-0. Voss trong som vanleg ein del sjansar før dei fekk ballen godkjent i mål. To annulert for offside, eitt stolpetreff og nokre dårlege avslutningar var fasiten før Eirik Een gjorde 1-0 etter eit lågt slått hjørnespark etter 25 minutt.

I andre omgang førte banens desidert beste spelar Julius Chomistek Voss opp i 2-0 etter surr i Vik sitt forsvar. To mål av ein god Kristoffer Bidne og eitt på tampen av innbyttar Magne Himle fastsette til 5-0.

Mange mål og fin fotball på kunstgraset i Prestegardsmoen hjalp lite all den tid Stryn vann komfortabelt 4-1 i sin kamp mot Tornado Måløy. Dermed må Voss spela i 4. divisjon neste sesong, etter å ha havna nest sist på tabellen.

– Me er blitt betre og betre utover sesongen, og spelte ein god kamp i dag, men tap i dei sju fyrste kampane denne sesongen gav oss eit handikap me aldri fekk gjort opp for, oppsummerte trenar Petter Fossmark etter kampen.

Kommentarer til denne saken