Gå til sidens hovedinnhold

Spelarane fekk ynskjetrenar

Artikkelen er over 8 år gammel

FOTBALL: Trond Storheim og Bjarte Bergstrøm er trenarduoen som skal få fart på Fbk Voss sitt 4. divisjonslag. Nils Helge Kvamme tek over som hovudtrenar for damelaget.

– Eg er skikkeleg klar til å ta fatt på jobben. Motivasjonen er på topp. Og det er heilt maks at eg har fått Bjarte Bergstrøm med meg, seier Trond Storheim (43).

Han søkte ikkje på jobben då Fbk Voss la ut stillingsannonse tidlegare i haust, men han vedgår at han har vore i dialog med dagleg leiar Arne Førde og styreleiar Bjørn Lydvo om jobben.

Klubben hadde i utgangspunktet tenkt seg ein trenar som også skulle ha stillinga som sportsleg leiar. Dette var ikkje aktuelt for Storheim. Han skal halda fram som lærar ved Vangen skule. Han skal også vera med å trena gutelaget vidare, og han skal halda fleire trenarkurs.

– Me skriv berre kontrakt for ein sesong. Me set alt inn på å gjera ein skikkeleg jobb i 2014. Så får me sjå kva som skjer.

Storheim er hovudtrenar, medan Bergstrøm er medtrenar. Dei har tidelgare jobba i team som trenarar for damelaget. Bergstrøm har dei siste åra trena damelaget, men han gav seg no i haust og ynskte å ta det litt rolegare ei tid. Han var likevel ikkje vanskeleg å be, då Trond Storheim nyleg ringte og la fram planane sine.

– Trond og eg har mykje dei same tankane om fotball. Me ser på kombinasjonen av å utvikla unge spelarar og å få det beste ut av dei etablerte, som ei spennande oppgåve, seier Bergstrøm.

Klubbglede

Arne Førde og Bjørn Lydvo har invitert til møte med lokalavisa på klubbkontoret. Dei er godt nøgde med løysinga både for herrelaget og damelaget.

Begge herretrenarane er møtt fram, medan dametrenaren er oppteken på jobben i kommunen. Tidlegare dametrenar Bergstrøm gav tidleg i sommar signal om at han ville trekkja seg som dametrenar etter sesongen. Herretrenar Petter Fossmark slutta ei god stund etter at nedrykket var eit faktum og er no på plass som ny trenar for Bjarg.

– Me fekk inn mange søknader, og me vurderte fem-seks av desse seriøst. Men Trond Storheim var den me helst ville ha. Difor er me glade for denne løysinga. Det skjer, trass to nedrykk, mykje positivt i klubben. Og me trur dei nye trenarane vil vera med å lyfta klubben, seier leiarduoen.

Klubben vil i løpet av jola gje tilbod til ein av søkjarane om å ta til i stillinga som sportsleg leiar, og då gjerne kombinert med marknadsog/ eller arrangementsarbeid. 4-3-3 Storheim og Bergstrøm skal snart ha møte med spelargruppa og leggja planen for sesongen.

– Me bør sjølvsagt kjempa i toppen av tabellen. Me har ei spelargruppe med stor kvalitet. Me har ei gruppe gode etablerte spelarar, kjempegodt juniorlag og ei spennande ungdomsgruppe. Det skjer mykje bra i klubben no. Formasjonen vert litt anleis under Storheim enn med Fossmarkstilen.

– Eg er ein 4-3-3-mann, seier Trond Storheim.

Spelarglede

A-lagsspelar Eirik Een er godt nøgd med trenarløysinga. Spelargruppa signaliserte tidleg i prosessen at Storheim var fyrsteynskjet. – Eg er skikkeleg nøgd med denne løysinga, og det trur eg heile spelargruppa er. Trond var vårt fyrsteynskje, og at han får med seg Bjarte, er eit pluss. Begge desse er dyktige, og dei kjenner både klubben og spelargruppa godt, seier Een. Han trur dei fleste spelarane held fram etter nedrykket.

Positiv til Kvamme

Nils Helge Kvamme var assistenttrenar på damelaget sist sesong. No tek han steget opp og vert hovudtrenar. Klubbleiinga er sikker på at han er rett mann. Også kaptein Sanna Skulstad Dregelid er positiv.

– Det er bra at Nils Helge vert houvdtrenar. Eg trur det er positivt at me få med ein av dei som var med sist sesong på trenarsida. Spelarane er glade for denne løysinga, og slik det ser ut no er det ingen som har tenkt å leggja opp, seier Sanna Skulstad Dregelid. Sjølv om ho var skuffa då laget måtte ned til 2. divisjon, trur ho dette likevel var det beste.

– No kan me starta litt på nytt. Me fortente å rykkja ned i haust, seier Sanna Skulstad Dregelid.

Kommentarer til denne saken