Gå til sidens hovedinnhold

Spelarane vil ha Storheim

Artikkelen er over 8 år gammel

FOTBALL: Trond Storheim står på toppen av ynskjelista til a-lagsspelarane på Voss. Storheim har ikkje søkt jobben, men er ikkje heilt avvisande til oppgåva.

– Trond er ein dyktig trenar, som spelarane har tillit til, seier Eirik Een. Spelargruppa har trekt Storheim fram som eit ynskje i eit brev gruppa har sendt leiinga etter eit evalueringsmøte.

Fbk Voss lyste ut stillinga då det var klart at Petter Fossmark sine dagar som sportsleg leiar i klubben og trenar for a-laget, var over. Over ti søknader skal ha kome til klubben. Trond Storheim har ikkje søkt på jobben som trenar i 4. divisjon.

«Kjekt»

– Ja, eg har høyrt om spelarane sitt utspel. Og det er alltid kjekt å verta nemnd i ein slik samanheng. Men eg har ikkje søkt på jobben. Hadde eg vore skikkeleg interessert, hadde eg sjølvsagt søkt på jobben, seier Trond Storheim.

Men han lukkar ikkje døra heilt for trenarjobben.

– Eg er ein klubbmann. Voss er min klubb. Og som fotballtrenar skal eg sjølvsagt kunne diskutera trenarjobben med klubben, om det skulle visa seg at klubben skulle koma i ei knipe på trenarsida, seier Trond Storheim.

Talenttrenar

Trond Storheim spela fleire sesongar på midtbanen til Voss sitt a-lag, og han tok seinare over som trenar for damelaget. Her gjorde han suksess, fekk laget opp frå 2. til 1. divisjon og etablerte laget midt på tabellen. Storheim har i år vore med på krinsen sitt talenttrenar-kurs, og held no kurs for trenarar til aldersbestemt fotball både på Voss, i Ulvik og Bergen.

Han er også trenar for aldersbestemt fotball i Fbk Voss.

– Grunnen til at eg ikkje har søkt jobben, er at det eigentleg ikkje passar så godt inn i min situasjon akkurat no. Men jobben i seg sjølv, hadde sjølvsagt vore interessant, seier Storheim.

Fire intervju

Fbk Voss hadde siste helg to personar inne til jobbintervju, og ifylgje styreleiar Bjørn Lydvo skal yttarlegare to personar inn til intervju om kort tid. Lydvo vil ikkje ut med korkje namn eller annan informasjon om kandidatane.

– Me håpar å få trenar på plass før jol, seier Lydvo. Han stadfestar spelarane sitt utspel om Storheim, og han seier han har jamleg kontakt med ynskje-trenaren.

– Trond er eit godt namn. Det er det ingen tvil om. Men han har ikkje søkt jobben.

Klubben har no moglegheiter til å tilsetja i to stillingar i klubben, sidan både sportsleg leiar og ei kontorstilling er ledig. Korleis kabalen går opp, er enno usikkert, men truleg vert ein atrenar også tilsett på kontoret, slik Petter Fossmark var.

Dametrenar

Fbk Voss jobbar også med å få på plass Bjarte Bergstrøm sin etterfylgjar som trenar for damelaget i 2. divisjon.

– Også her jobbar me for å få på plass ein trenar før jol. I denne omgangen ser det ikkje ut til at dametrenaren vert tilsett på kontoret. Men det kan sjølvsagt verta aktuelt i framtida, seier Bjørn Lydvo.

Kommentarer til denne saken