Gå til sidens hovedinnhold

Stygg smell på kunstgraset

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss-Brann 0-6 i Smalahove Cup

- Fy flate. Det small så ein måtte høyra det til Bulken, minst! Dét meinte Brann-legenden Helge Karlsen, etter å ha blitt knallhardt takla av prost Arild Hellesøy laurdag.

Taklinga skjedde som del av Smalahove Cup 2013, der veteranane frå Brann møtte tilsvarande årgangar frå Fbk Voss på kunstgraset i Prestegardsmoen.

Trass relativt jamn kjemping ute på banen, enda dysten 6-0 til Brann, etter tilsynelatande enkle mål, men der utøvarane viste at dei kunne handverket til tåspissane.

Så var det heller ikkje kven som helst gjestene stilte med på laget. Ingvar Dalhaug skåra tre mål, Kjell Rune Pedersen to - medan siste målet vart fiksa av meir ukjende Pet Hetland.

Helge Karlsen spelte, som alltid, høgreback.

Ispose og trøyst

Og: etter at hans gamle Brann-kompis Atle Bilsback trødde til, og fekk geleida han ut til ein ventande ispose på sidelina, i pausen, var Karlsen klar for nye utfordringar.

- Me har då tre prestar på laget når me spelar på Stadion òg. Men maken te takling har eg knapt opplevd, meinte Karlsen, med ei munter mine over pannen.

Medan Bilsback klaska isposen på treffstaden og leverte trøystande ord.

Helge Karlsen opplyser elles å ha spela 35 landskampar for Noreg og 323 obligatoriske kampar for Brann på 60- og 70-talet.

-Å, ikkje høyr på han. Det blir fleire og fleire for kvart år, lyder eit skarrande innspel frå ein annan bergensar på sidelina.

Trauste vossingar

Mot Brann sitt stjernegalleri av gamle toppspelarar, stilte Voss med gode trauste namn som Jarle Storheim, Bjørn Lydvo og Jarle Skjelde - og med Torbjørn Nilsen som målvakt. To rektorar var også i aksjon, Helge Stavenes og Oddvar Skjefstad. Pluss ein desksjef i ei herverande lokalavis – med namn Geir Geitle. Og altså ein prost heilt utan silkehanskar!

- Men eg var raskt til stades og bad om orsaking, understrekar Arild Hellesøy, overfor Hordaland.

Kampen på kunstgraset vart då også gjennomført i utprega god sportsånd, utan utvisingar, og nesten utan frispark. Men altså: 6-0 til Brann, etter to omgangar på 13 minutt kvar.

- Eit litt pinleg resultat, meinte vossingane sin manager, Ståle Rørlien. – For dei påstår jo heile tida at dei er så gode, fastslo han, hovudristande.

Smalahovecupen held elles fram, heile laurdagen, med nye kampar både for Fbk Voss og for Sportsklubben Brann.

Kommentarer til denne saken