Gå til sidens hovedinnhold

Surt å ikkje få eitt poeng med heimatt

Artikkelen er over 7 år gammel

Dale tapte bortekampen mot Bergenskameratene fredag 2-1, og det vart eit surt tap.

- Det meste av kampen føregjekk på midtbana, og me var heilt på høgde med dei. Slik sett hadde det vore langt betre med poengdeling, meiner Fotland.

Ved pause var det uavgjort 1-1, etter skåring av anten Rune Kristiansen eller Tommy Olsnes.

- Eg er faktisk ikkje heilt sikker, det var så mykje fram og tilbake ved denne skåringa, småler Fotland.

Like blid er han ikkje når han fortel om slutten av kampen, der Bergenskameratene sitt sigersmål kom seks-sju minutt føre full tid.

- Og det kom etter at ballen tydeleg var utanfor sidelina og det skulle ha vore dømt innkast. Dette var svært svakt av både linjemann og dommar, og det melde eg også klart frå om, seier Fotland.

Men slik er det inni mellom, fotballen er ikkje alltid rettferdig. Dale får forresten sjansen til å retta opp att alt sundag, då er det ny kamp - denne gongen heime mot Nordre Halsenøy.

- Det vert tøft med to kampar så tett på ein annan, men me skal nok stilla lag og klara å bita frå oss i denne kampen også, avsluttar Fotland.

Kommentarer til denne saken