Gå til sidens hovedinnhold

Tilbod om 1. divisjon

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss var jumbolaget i 1. divisjon i fjor, og rykka ned. Men no kan laget få plassen tilbake.

Norges Fotballforbund melde i dag at Fart eller Medkila tar over den ledige plassen i Toppserien etter at Kattem har trekt laget.

Hyggeleg

Sportsleg leiar Per Støyva stadfester overfor Hordaland at Voss har fått tilbod om plass i 1. divisjon.

-- Det er hyggeleg at klubben får dette tilbodet. Spelarane og trenarapparatet får avgjera om det er riktig å takka ja til tilbodet. Dei har no i kveld møte om dette, seier Per Støyva.

Skal bruka helga

Trenar Bjarte Bergstrøm er positiv til å takka ja. Han informerte spelarane på treninga fredagskveld.

-- Dei vart positivt overraska. Me skal no bruka helga på å til stilling til kva divisjon me skal spela i. Personleg trur eg absolutt laget er betre i år enn i fjor. I fjor ville nok 2. divisjon vore rett arena. No har spelarane lært mykje og blitt eitt år eldre. No trur eg 1. divisjon er rett divisjon, seier Bjarte Bergstrøm.

Avgjerda i saka vert teken på styremøte i klubben tysdag komande veke.