Gå til sidens hovedinnhold

Tre poeng til Dale

Artikkelen er over 7 år gammel

DALE: Dale reiste på ein måte kjerringa fredag, då dei sende Olsvik heimatt utan poeng. Sist helg vart det braknederlag med ni baklengs.

Oslvik 1 fekk utvist ein spelar etter rundt 20 minutt i fyrste omgang, og då snudde faktisk kampen totalt i Dale sin favør. Dei hadde kontroll på det meste, og Tommy Olsnes fekk setja inn utlikninga etter 21 min. Olsvik 1 skåra etter berre seks minutt.

Johansen sikra sigeren

Ved pause stod det 1-1 og etter 70 minutt lurte Eivin Johansen inn eit frispark og sikra dermed sigeren for dalingane.

Før det var det mange store sjansar, mellom andre lukkast ikkje Kim Andre Njaasta på alle sine. Han spelte ein god kamp, saman med Tommy Olsnes og Pete Charnoensuk.

Mot ti mann

Dale vann ein heilt fortent siger, mot eit noko tafatt Olsvik 1. Det spørst om det hadde annleis om dei hadde spelt med full mannskap heile kampen gjennom.

Kommentarer til denne saken