Gå til sidens hovedinnhold

Uavgjort mot Fart

Artikkelen er over 8 år gammel

Voss-damene leia til pause, men botnoppgjeret på bortebane enda 2-2.

Voss-damene har no 6 poeng opp til Fart på tabellen i 1. divisjon. Begge laga har tre kampar att å spela.

- Det var uhyre spennande, og ein kamp me i utgangspunktet måtte vinna. Samtidig er det framleis eit ørlite håp. Men då må me vinna alt, medan Fart ikkje kan vinna noko, seier trenar Bjarte Bergstrøm.

To av dei tre kampane som står att er på heimebane, mot Kaupanger og Åsane. Den siste kampen er på bortebane mot Fortuna Ålesund.

I dag scora Linda Fostervoll Kvamme det første målet i 20. minutt. Ho lobba ballen over keeper etter ein kjempepasning frå Sanna Skulstad Dregelid.

- Deretter hadde me bra kontroll på det som skjedde i første omgang. Laget hadde ein imponerande bra ro, til å vera ein så viktig kamp, seier Bergstrøm.

Åtte minutt inn i andre omgang skåra Fart på ein corner. Voss verka rustne ei stund, men fekk ny energi då Hanne Siri Skjerveggen scora etter eit frispark av Silje Bryn Ekehaug. Men laget holdt berre leiinga i seks minutt før Fart igjen utlikna.

- Det er eit okei resultat, og det var gledeleg at me presterte så bra, oppsummerer Berstrøm.

Kommentarer til denne saken